by Stian Torland | apr 26, 2018 | Challenge4you.com, Colorline Setesdal, Colorline Setesdal Tour, Gran Canaria - Treningsferie, Gran Canaria - Treningsferie, Kristiansand - Hovden
Ferie, kva er eigentleg ferie? For meg er det ei tid saman med familie med kjekke aktivitetar og minneverdige øyeblikk. I dag hadde eg eit slikt øyeblikk, det ynskjer eg å beskriva for dykk i form av ein videosnutt seinare i dette innlegget. Tida vår her på Gran Canaria har vert prega av sjukdom og sjukehusbesøk, noko som mange av dykk allereie veit. Men det er ubeskriveleg korleis me er bygde til å fokusera på det positive. Denne siste veka har gitt oss eit innblikk i korleis denne ferien eigentleg skulle vera. (meir…)
by Stian Torland | apr 19, 2018 | Challenge4you.com, Colorline Setesdal, Colorline Setesdal Tour, Gran Canaria - Treningsferie, Gran Canaria - Treningsferie, Styrkeprøven
Toppturen, det var eit av hovudmåla til Lasse. Korleis i alle dagar skal eg klare å bidra til at han skal nå dette målet? Formen min er på bunn, sliten i kroppen etter dei tidlegare dagane med sykling, tom for energi grunna det berykta «noroviruset», alt anna enn klar for å sykla til Gran Canarias høgaste punkt, Pico de Las Nieves. Men mål er til for å nås, og eg er ikkje bygd for å bryta dei. (meir…)
by Stian Torland | apr 12, 2018 | Challenge4you.com, Gran Canaria - Treningsferie, Gran Canaria - Treningsferie
Alt ligg tilrette for ein rå dag på sykkelen, men veit me kva me eigentleg går til? Dette vert første dag i delvis ukjent terreng for Torland. Velkommen til klatreetappen. (meir…)
by Stian Torland | apr 10, 2018 | Challenge4you.com, Gran Canaria - Treningsferie, Gran Canaria - Treningsferie
Planen etter gårsdagen var klar, dette gav så absolutt meirsmak, og me har lyst på mange mil. Planen for i dag var Puerto Mogan, Ayacata, Santa Lucia og tilbake til Puerto Rico, ein tur som absolutt ville gitt oss bra med kilometer, men ikkje minst høydemeter. (meir…)
by Stian Torland | apr 9, 2018 | Challenge4you.com, Gran Canaria - Treningsferie, Kristiansand - Hovden, Styrkeprøven
Det var ein tydeleg spent Lasse som møtte meg i porten inn til leiligheten vår. Endeleg er dagen her, eg har vert spent lenge, spent på korleis beina mine vil respondera på dei bakkane eg veit finnest her på Gran Canaria. I dag venter turen frå Arguineguin via Soria, Ayacata, San Bartolome og ned til kysten ved Maspalomas og vidare mot Puerto Rico. (meir…)