Toppturen, det var eit av hovudmåla til Lasse. Korleis i alle dagar skal eg klare å bidra til at han skal nå dette målet? Formen min er på bunn, sliten i kroppen etter dei tidlegare dagane med sykling, tom for energi grunna det berykta «noroviruset», alt anna enn klar for å sykla til Gran Canarias høgaste punkt, Pico de Las Nieves. Men mål er til for å nås, og eg er ikkje bygd for å bryta dei.

Eg vakna tidleg denne morgonen, Lucas og Sverre var med ned. Eg følte meg heilt ok. Siste måltidet på kvelden hadde eg fått i meg utan smerter og toalettbesøk, det er etter forholda eit ok utgangspunkt. Alikevell så gjekk eg rundt og gjorde meg klar med ein viss skepsis i bakhovudet. Tankane på dagens tur fall litt vekk når eg smurte skjeva til Lucas og laga graut til Sverre, bleiebyttinga hadde samme effekt. Kaffi hadde eg laga meg, det er verdensbeste vidundermedisin til å få systemet i gang.

Turen til Pico de Las Nieves er ein dag med kun klatring og nedkjøring. Toppen er Gran Canarias høgaste punkt og ligg på 1949 moh. Me startar sjølvsagt ved sjøen, så det seier seg sjølv at dette vert ein lang dag. Lasse sjølv er klar som eit egg. Lite veit han om at eg sitt å vurderer om eg skal eller ikkje. Endeleg hadde eg fått systemet i gang igjen etter at Lillian hadde proppa i meg forstoppelsesmiddel. Me skjønte tidleg kvifor Sverre hadde mykje vondt i magen etter besøket hos klinikken, spesielt etter at Lillian hadde gitt samme medisin til meg. Til mine kjære her i leiligheten måtte eg sjølvsagt seie at alt sto bra til, eg veit jo det at eg hadde blitt nekta sykling om dei visste korleis ståa var.

Me sykla frå Puerto Rico mot Arguineguin. Dette er eit fint kyststrekk med god utsikt, men også utsatt for den vinden som eventuelt måtte komme. Det kjedelige med å sykle langs kysten på GC-500 er at den er godt trafikkert, me likar oss betre i fjella der det er ferre bilar. Provianten kjøpte me på Spar i Arguineguin før me sykla vidare mot Maspalomas. Fram til nå så hadde me ikkje sykla nokon stigningar to gangar, og valte difor å oppretthalde den statistikken, dermed så sykla me opp i retning San Bartolome frå Maspalomas.

Langs kysten så kjennes eigentleg formen bra ut, bakkane går kontrollert og fint, humøret og fokuset er på plass, eller som nemnt til Lasse mange gangar i løpet av denne veka, mitt fokus er av og til å ikkje ha fokus, dermed så er eg plutsleg framme etter å ha vert i ein autopilot i mange timar.

Me stoppar på eit minimarket rett før klatringa startar. Me kjøper eit par bananar og og fyller opp flaskene. Vegen oppover nå er lang og slak fram til det første utkikkspunktet. Me vert passert av bilar, bussar, motorsyklar, el-syklar og nokre fjellgeiter som flyg forbi oss med dei lette kroppane og syklane deira. Eg kjenner det ikkje ein plass, me kunne plassert eit  35-40 Kg magabelte rundt livet deira og sett om dei klarte same tempoet då også…

Lasse virkar lett og ledig i dag, vertfall i forhold til meg. Eg jobbar intenst med hovudet, eg skjønar ikkje korleis eg skal komma meg til toppen i dag. Nett nå så er målet mitt Fataga, der skal me ha dagens første påfyll av mat, kaffi og anna drikke. Lasse jobbar med å halde motivasjonen min oppe, eg merkar av og til at han ikkje kjenner meg godt nok til å treffe med metodane, men autopiloten er på, det same er svara eg gir han når han skryt over at eg er sterk…For det er eg jo ikkje ifølge mitt hovud nett nå. 🙂

Ein gjeng frå Østerhus sykkelklubb syklar forbi oss, me vekslar nokre få ord, eg spør blant anna om dei skal opp til toppen, svaret er: «Me får sjå om de vert regn»….Endeleg noko som motiverer meg, råspreke tynne spirer som ikkje er «mann» nok til å sykla til toppen om det kjem nokre hærlege dråpar i ansiktet… Kos dykk på tur, Pico de Las Nieves, her kjem me…Uansett form, regn eller andre utfordringar.

Me kjem fram til Fataga og stoppar for litt påfyll. Det har blitt ein tradisjon med ein god frukost og kaffi på alle turane våre. Me burde vert flinkare til å oppdatera tripadvisor, ikkje for å vurdera maten, den er mykje godt lik overalt, men for å vurdera kaffien, den varierer frå fantastisk til ubrukeleg. Heldigvis så ligg dei fleste midt på treet. Kaffien i dag gjorde godt, same gjorde påfyllen av mat. Det vart vell heller ein lunsj enn frukost i dag, men kva gjer no det, påfyll er påfyll.

 

Turen går vidare oppover, stigningane vert brattare og brattare, lengre og lengre. Neste landsby me skal gjennom er San Bartolome, her har me sykla nedover tidlegare, i dag går det oppover, ein fordel eigentleg sidan me slepp å sykle opp den berykta «veggen» som San Bartolome er kjent for hos syklistar. Det er eit nydeleg område å sykla inn i når du sig gjennom tettstaden, flotte trær, god asfalt og stort sett eit godt humør, bare litt trykka på grunn av formen min.

Tråkka våre er sterke men seige, eg har ikkje noko meir å gi enn eg gir allereie. Me har allereie blitt passert av ein frå Rye Ekspressen, ein som var med å vant Trondheim-Oslo i 2016 med ei tid rett i overkant av 13 timar…. Say no more….Han var uansett ein hyggeleg kar, han «sakka» på og sykla med oss rundt 10 minuttar der praten gikk laust og fast.

Siste kilometrane mot Ayacata er seige. Eg kjenner eit stort behov for å stoppe litt. Eg har hatt «solide» toalettbesøk på kvart eit stopp oppover, og mistenker at det ikkje vert det siste. Me treng uansett litt påfyll, uansett om det ikkje kjennes slik ut. Me veit veldig godt at frå Ayacata så går me rett inn i dagens brattaste stigning, mange hundre meter oppgjennom fjellsida, det vert tungt med ein full middag i magen, men kva er alternativet når en er tom for energi. På veien oppover mot Ayacata så gjekk tankane mine på kor lett det er å svinge venstre og bare sykle ned til Mogan og så ta taxi heim. Eg veit ikkje om de skjønar kva det kostar å snu tankane i hovudet når ein er komt der, det er vertfall ikkje gratis.

Spaghetti bolognese er standardretten min i Ayacata, kaffien og ei coca cola er også sjølvsagt. Maten sto på bordet og eg hadde ikkje lyst på eit einaste bet, men maten skulle ned, å ned gjekk den. Normalt på denne restauranten så set eg pris på at det er kø bak når eg skal på toalettet, for det går ikkje an å låse døra… I dag var det blanda følelsar… Superglad for at folk ikkje kom inn, men synest synd på stakkaren som kom bak meg, her var det bare å hive seg på sykkelsetet å begynne å jobbe i klatreveggen oppover mot Pico de Las Nieves før stakkaren kom springande etter meg.

Humøret har vert bra heile turen, men eg slit med å finne motivasjonen og krafta. Kvart eit tråkk oppover mot Roque Nublo er ein seier, eit slet og ufatteleg viktig, viktig fordi det betyr ein heil del for meg at Lasse skal nå måla sine her nede, viktig fordi at samvittigheita mi seier at Lasse må få noko ut av turen uansett om me har vert uheldige med omgangsjuka. Snakker om samvittigheita så peiker den sjølvsagt i retning familien min heime også, eg vert dradd i alle retningar, men det er slik samvittighetsmenneske Stian Torland fungerer, vil at alle skal ha det bra, men klarer ikkje «please» alle. Tusen takk Lillian for at du er så god og lot meg gjere dette, og unnskyld.

Det er aldri for seint å snu er eit uttrykk ein ofte høyrer i forbindelse med fjellturer. Mange ville nok ha kalt det for idioti det me balar med her, uansett form eller ikkje, og vertfall når formen er som den er…Eg kan ikkje anna enn å sei meg einige i sistnemnte, men snu kan me jo gjer på toppen.

Eg snakka med ei bekjent dagen før me skulle opp, ho er også kollega og jobbar som sjukepleiar. Det var eit øyeblikk der eg angra på at eg nemnte noko om formen, eller eventuelt at eg skulle opp til topps. Ho slutta samtalen med å seie at eg vertfall måtte drikke mykje veske. Cathrine, eg haldt det eg lovde, over 3 liter til toppen. Men du hadde nok rett, eg burde haldt meg heima.

Me passerte Roque Nublo og det vart eit lettare terreng. Lasse er sterk og ved godt mot. Han er flink til å halde humøret oppe, han er flink til å halde mitt humør oppe. Me svingar av mot Pico de Las Nieves. Det er ikkje mange kilometrane opp til toppen nå. 1750 moh, 1800 moh, 1900 moh, og me tar siste sving mot toppen. Humøret er bra, bilar passerer oss nedover og gir tomlen opp til meg og roper: You made it!!! Eg smiler fint tilbake og tenker, ja det har eg gjort mange gangar opp her, men dette har vert den tyngste.

Pico de Las Nieves, endeleg ser eg deg igjen. Teide brillierer i sin prakt på Teneriffe, den tradisjonelle skya flyr rett under toppen der borte i horisonten. Til og med på vår topp så er me over ein god del skyer, det er nokre tøffe formasjoner me ser når me skuer utover mot sjøen og alle høgdemetrane ned til utgangspunktet. Det lyser stolthet av Lasse, det er ingen tvil om at han er nøgd med prestasjonen sin. Snapchat, facebook og kven veit kva andre sosiale medier som vert oppdatert, det er kjekt å sjå.

Eg velger å facetime litt med min kjære familie. Det tydleg at Lucas synest det er litt stas med pappa som syklar, men du høyrer også at han vil ha meg heim, Sverre stråler når han ser pappaen på kamera. Gutane mine, stolthetane mine, og mi fine kjære kånemor, ufatteleg glad i dykk!

Nå gjenstår bare turen nedover. Telefonen vert fint plassert på baklomma. Me vel å ikkje hive på armane på vindvesten vår, dette er utan tvil den rette dagen å vere på toppen, temperaturen er ganske bra, spesielt etter at det har vert minusgrader i natt.

Me hiv oss på hjul og syklar nedover. Eg synest alltid det er litt vemodig å sleppe taket i toppen, så mykje arbeid for å komme opp, og så lite arbeid for å komme ned igjen. Telefonen min ringer når me nærmar oss Roque Nublo, det er behov for hjelp på jobb. Hadde ikkje klokka vert etter arbeidstid så hadde eg sendt den vidare til mine kollegaer på IKT, men eg vil ikkje plage dei på kveldstid, så eg loggar fint inn på systemet via mobilen å hjelper vedkommande før me hiv oss på hjul igjen.

Me passerer raskt Ayacata. Eg måtte snu oppe i bakken, vart bekymra då eg ikkje såg Lasse bak meg. Eg var i ferd med å sykle oppover igjen når han endeleg kom. Han hadde fått ein ulyd i bakhjulet sitt og vart bekymra. Det skjønar eg godt, me ligg tross alt i 50-70 Km/t nedover. Me identifiserte lyden til å komme frå skivebremsene hans, ikkje det at det gjorde han noko mindre skeptisk, men me fortsatte, men i eit rolegare tempo enn normalt.

Vegen ned frå Ayacata hard og brutal, det ristar og brakar i syklane når me jobbar med å halde fast i styret i nedkjøringane. Lasse stoppar fleire gangar for å sjekke status på hjulet. Eg får han tidleg til å sjekke spilene, men alle virkar faste og fine, i tillegg så ser hjulet beint å fint ut.

Etter ynskje frå Lasse så vel me i dag å sykle ned i retning Arguineguin via Barranquillo Andres. Me svingar av og fortsetter på den røffe nedkjøringa før den endeleg endrar vegstandard dei siste kilometrane. Tempoet vårt er mykje lavare enn normalt uansett. Det er ikkje verdt å risikere liv og lemmer for å komme nokre minuttar raskare ned, vertfall ikkje når me veit det er ein ulyd i sykkelen.

Turen går vidare ned tempodalen. Eg legg meg fint i front, ikkje fordi eg er full av energi, men rett og slett fordi eg ikkje ynskjer å ligge på hjul bak ein sykkel som er stygge lydar i. Eg ynskjer ikkje ein tur i bakken. Tempoet er ikkje spesielt høgt nedover, me ligg fint rundt 30 Km/t. Når me er nede i Arguineguin så etterlyser Lillian å dei oss, usikker på om det er fordi dei lurer på om me har det bra, eller om det er fordi dei saknar hjelp heime? Eg vel å tru at det var begge delar. 🙂

Det går ikkje mange minuttane før me trillar ned i Puerto Rico. Godt sletne, metta og klare for å parkera sykkelen. Me har leid syklane ein dag til, men eg kjenner at eg må bruka dagen med familie og ikkje minst for å få energien tilbake. Lasse for sin del vel også å la sykkelen stå, spesielt grunna ulyden i bremsene.

Lasse kjem stolt inn i leiligheten vår, han virkar godt nøgd etter å ha fullført måla sine. Nå gjenstår det litt god trening så er Kristiansand-Hovden klar for gjennomføring. Eg personleg må seie at eg er godt nøgd med å sjå at viljestyrken min framleis er på plass, det har vert ein prøvelse, men det å fullføre på ein så dårleg dag er eg meget fornøgd med, uansett kor lurt eller ikkje lurt det var.

Stravadata etter dagens tur:

Sykkelen er parkert for denne gang. Nå skal familien og helsa prioriterast 100%. Lasse reiste heim på lørdagsmorgon, svigermor på lørdagsettermiddag. I skrivande stund så har me enda ikkje hatt ein dag der alle har vert friske. Lucas stakkaren har hatt to sjukehusbesøk og skal tilbake på kontroll i morgon. Begge gutane har slitt med oppkast og diare, nå har Lucas gått over i tungpusta og hoste, kombinert med ein variasjon mellom 38 og 39,5 i feber dei siste 3 dagane.

Me gjere det beste ut av det, me kosar oss det me kan. Sverre er i ferd med å bli frisk, og Lucas har sine punkter gjennom dagen der medisinane virkar, då nyttar me tida til å ha det knallgøy. I dag har me vert på det nye Akvariummet i Las Palmas, der er det vertfall ingen tvil om at dei stort sett har kost seg. No er det ikkje mange dagane til Hilde, Bjørn Erik, Rikke og Adrian kjem ned på besøk, Hilde er søstera til Lillian. Det vert kjekt, eg håpar verkeleg at Lucas har blitt betre, slik at dei kan få lekt mykje saman. Lucas har nesten ikkje gjort anna enn å snakka om skliene me skal besøka i badeland.

På gjensyn, så kjem det kanskje eit innlegg seinare men utan sykkel! 🙂

nn_NONorwegian