Challenge4you.com vart starta i 2012 for å kunna skriva om turar og eventyr. Eg såg eit behov for å samla dokumentasjon om turane på ein stad med eit beskrivande namn. Challenge4you synest eg traff 100% og arbeidet med å produsera ein logo vart starta.

I dag nyttar eg framleis sida til det same. Gjennom tida har eg også fått tilbakemeldingar frå bekjente og ukjente som har vorte inspirert av nettstaden og det som har blitt publisert. Dette har gitt ein auka motivasjon til å fortsetja.

Sjå under for litt av kva ein har publisert tidlegare, og kva som kjem. Det har i tillegg vert lagt ut om fjellturar og andre dagsarrangement. 

Fullførte turar:

  • Norge på langs – 2011 (Stian og Morten)
  • Danmark – Italia – 2012 (Stian og Anna)
  • Styrkeprøven: Trondheim – Oslo 2013 (Stian)
  • The Iron Curtain trail: Grense Jakobselv-Tsarevo – 10000Km – 2014 (Stian)
  • Team Rynkeby: Oslo-Paris – 2019 (Stian)

Planlagte prosjekt:

  • Team Rynkeby: Oslo-Paris – 2020
  • Norge på langs: 7 dagar utan følgebil – 2020
Stian Torland

Stian Torland

Forfatter

Mitt namn er Stian Torland, 35 år og er gift med Lillian. Saman har me to fantastiske gutar i Lucas og Sverre, stolthetane våre. Me bur i Rossneset på Fitjar, og eg jobbar som IKT-sjef i Fitjar kommune.

Min interesse for sykling og eit sunnare liv starta i 2011 då eg og bror min Morten utfordra kvarandre på å sykla Noreg på langs. Etter dette har det blitt mange turar både med selskap, men også aleine. Den største bragden er nok fullføringa av "The Iron Curtain Trail" i 2014 då eg sykla heile ruta på 10000Km frå Grense Jakobselv til Svartehavet i Bulgaria.

Eg brenn for å utfordra meg sjølv på mange områder. Dei siste åra har det blitt andre prioriteringar, men me prøver å finna utfordringar som passar våre små.

Gir du opp? Stopper du når det er så tung at du griner? Du er framleis på same staden når du er ferdig å grine. Jobb deg framover, få i deg mat, tårene vil forsvinna og du vil finna energi, styrke og glede.. Det er då du kjem i mål med utfordringane du tek på deg. Aldri gi opp!

Stian Torland

Forfatter, Challenge4you.com

nn_NONorwegian
nn_NONorwegian