Det var ein tydeleg spent Lasse som møtte meg i porten inn til leiligheten vår. Endeleg er dagen her, eg har vert spent lenge, spent på korleis beina mine vil respondera på dei bakkane eg veit finnest her på Gran Canaria. I dag venter turen frå Arguineguin via Soria, Ayacata, San Bartolome og ned til kysten ved Maspalomas og vidare mot Puerto Rico.
Me stilte nokonlunde tidleg på Free Motion sin butikk i Arguineguin, Lasse hadde leigd seg ein Cannondale Synapse og eg ein Pinarello Gan T600. Alt ligg tilrette for at me skal kosa oss maks.
Familien er heime i leiligheten og skal kose seg så godt som råd i Puerto Rico. Lucas stakkaren kasta opp på flyet og har ikkje vert i slaget, så me er spente på om me vil merka noko sjølv.
Endeleg på hjul. Tenk det, at eg som lot formen forfalla til det mest ubrukelege nivået skulle få moglegheita til å sykle her på Gran Canaria igjen i noko som er på god veg til å bli ein ok form. Eg storkoser meg, eg kjenner at eg nyte det å endeleg ha kvitta meg med 13-14Kg sidan jul. Endeleg går det an å kose seg i oppoverbakkane utan å sjå pulsen gå i taket. Endeleg på hjul.
Lasse styrer farten opp tempodalen, du kan sjå han koser seg. Eg har ikkje sett Lasse slik nokon gang trur eg, han er alltid så roleg og avbalansert, men her er han heilt annleis, du kan sjå at han er spent og nyter tilværelsen.
All treninga me gjer er med Trondheim-Oslo 2019 i tankane. Men først så kjem Kristiansand-Hovden i år, det vert første gangen Lasse nokon gang sykler eit så langt ritt.
Me koser oss oppgjennom bakkane, begge syklar med eit smil om munnen. Me snakkar, ler og diskuterer trening, teknikkar, natur og mykje anna. Lasse meinte på eit tidspunkt at faren kunne vert gal nok til å plutsleg køyra forbi oss oppgjennom som ei øverrasking…Diverre var BMW-motorsykkelen nokon annan sin denne gangen.
Me tek første stopp på den tradisjonelle kafeen i Soria. Her vert det påfyll av ferskpressa papaya og mangojuice, samt ein sandwich, coca cola og ein espresso, perfekt i solskinnet. Litt mobba blei me av dei som satt på bordet vårt, «You didn’t want to order twice», med eit stort smil om munnen…Kom det frå dei som hadde kjørt bil opp.
Neste mål er spaghetti bolognese i Ayacata. For å komme dit så må me forsere nokre bratte stigningar opp frå Lugar Barranquillo Andres. I motsetning til store deler av våre ruter så er det ekstremt dårleg vegstandard det første partiet i denne stigninga, her er det svære hull med same bredde som vegen og stort sett eit underlag av pokk.
Me ender bak nokre andre som også hadde litt påfyll av mat i Soria. Dette var ein gjeng med Østerrikere. Det gjekk ikkje så veldig raskt oppover med dei, men me valgte fint å legge oss bak siden det var godt med motvind. Det var ein hyggeleg gjeng. Me fulgte nokre av dei heile vegen opp til Ayacata.
Temperaturen har vert meget bra stort sett heile vegen, men når me kom lenger opp i fjella så tenkte eg av og til at eg sakna vindjakken min, her begynte det å regna litt, samtidig som temperaturen gjekk ganske godt ned.
Me fekk i oss ein heilt grei spaghetti bolognese før me satte kursen nedover igjen. Me var litt seint ute sidan dei ikkje hadde sykkelen min klar før klokka 10:30, så det var på tide å setta kursen heimover.
Turen gjekk nedover dalføret mot San Bartolome, ein veg som alltid har vert litt miksa kvalitet på, helst i feil retning. Her var det blitt betra asfalt på lange partier, men det var nokre vanvittige vindkast som haldt på å slenge oss av vegen i periodar.
Gliset om munnen klarte me å halde uansett om me skulle sykle opp den berykta veggen «the wall» som dei kallar den. Det er så bratt, hardt og brutalt dei metrane opp det at det er til tider vanskeleg å hive smil om munnen.
Veien ned mot Maspalomas er veldig kjekk. Diverre så er ein ikkje ferdige med klatringa, det kjem solide stigningar også mot siste utkikkspunktet før du får siste mila ned mot kysten.
Trudde aldri eg skulle seie det, men når me kom ned til GC-500 som vegen heiter så sakna me fjella, me sakna oppoverbakkane, eller skal me omformulere oss…Me sakna trafikken som var i fjella. Her på GC-500 er det et jevnt kjør med bilar, bilar som stort sett kjører greit og tar hensyn, men så har du sjølvsagt dei som ikkje klarer å vente i 8 sekund til du har runda svingen.
Me burde nok ha stoppa i Maspalomas for litt påfyll, evt. Ha hatt litt meir på ryggen, for me endte opp i ein god autopilot der me sykla gjennom Arguineguin og heile veien mot Puerto Rico.
Det var eit fantastisk syn å sjå ned fra vegen mot bassenget når eg sykla forbi, der satt kånemor og Lucas å plaska med beina, me vinka og ropte før dei kom opp og åpna grinda. No er det familietid, den er jaggu meg viktig på ein slik tur som dette.
Lasse og eg har storkost oss på sykkeltur i dag. Det har gått over all forventning, me har hatt god flyt oppover, ingen klaging, bare positivitet. Eg må innrømma at når positiviteten går over i at Lasse meiner at Trondheim-Oslo hadde vert overkommeleg i dag, då må eg dra litt på smilebandet, men det er jo sjølvsagt at det går jo i rett retning.
Me gleder oss til i morgon, det vert nok ein start med tunge bein, men satsar på at det løsner.
Helsing oss på Gran Canaria ferie.