Planen etter gårsdagen var klar, dette gav så absolutt meirsmak, og me har lyst på mange mil. Planen for i dag var Puerto Mogan, Ayacata, Santa Lucia og tilbake til Puerto Rico, ein tur som absolutt ville gitt oss bra med kilometer, men ikkje minst høydemeter.

Tidleg morgon og store endringar i planane
Foreløpig så har me vert maks uheldige, Lucas starta med oppkast på flyet når det var 2,5 timar igjen, og har verkeleg ikkje vert i slaget dei dagane me har vert her. Me slit med å få veske i han, og me val i dag å ringa til Frende for å forhøyra oss om kva me må gjer. Dette endte i ein tur på klinikken her i Puerto Rico, der vart me tatt godt vare på, men allikavell sendt vidare til sjukehuset Hospiten Roca i San Augustin. Dei tok også godt vare på oss. Lucas fekk litt vidundermedisin for oppkast, samt elektrolyttveske. Endeleg heime igjen så var han framleis slakk. Eg ringte Lasse og sa at han kunne komme ned, men måtte fint kansellere det når Sverre begynte å kaste opp. Ny tur på klinikken endte opp med same medikamentene for litle Sverre stakkars.

Kveldstur
Lasse hadde fått seg ein liten tur på sykkelen tidlegare i dag. Vel fortjent, er ikkje noko kjekt for han når han er med av ein grunn, det er at eg og han skal sykle denne veka. Eg var så heldig at eg fekk godkjenning til ein liten kveldstur, så eg kledde meg raskt slik at eg og Lasse kunne få oss nokre høgdemetrar og mil.

Turen gjekk med Taxi til Puerto Mogan, siden vegen er stengt og det kun er åpent via motorvegen grunna ras. Me starta i hamna og begynte å jobba oss oppgjennom dalføret mot Mogan tettstaden. Det er absolutt nokre gater eg har sansen for å sykla gjennom, det er så trangt og fasinerande at det blir bare kos. Sant skal seiast, det krevde både styrke, psyke og motivasjon å trø oppgjennom mot Mogan, her var det ekstrem motvind og nokre vanvittige kast.

Me stoppa i Mogan for å fylla på med litt mat i kroppen før me skulle starta på stigningane. Lasse kjøpte seg ein fiskerett, og eg handla meg ein omelette og brød med ayoli. Alt smakte som det skulle og me satte kursen vidare oppover. Motivasjonen min blei satt på prøve der eg la meg i front og krangla med motvinden, nokre av kasta holdt på å hive oss i grøfta. Eg satt å diskuterte med meg sjølv og kom fleire gangar fram til at eg ikkje kunne skjønna kvifor eg ville meg så vondt som å ta ein kveldstur når me hadde alle moglegheitar i verden til å få ein godkjent kviledag…Det merklegaste av alt var at både eg og Lasse satt med ein tanke om at me gledde oss til dei bratte motbakkane, skjønn da kven som vil, men eg må verkeleg seie at det er lettare med tråkk for tråkk i bratte parti, enn slak oppover med kraftig motvind.

Fin stigning oppover i retning avkjørsla mot Soria
Endeleg starta stigninga, begge hadde godt driv og sykla dei bratte bakkane med eit smil om munnen. Veien hadde me nesten heilt for oss sjølv, stort sett kun nokre bilar som kom nedover, alt for seint for å kjøra/sykla oppover, eller? Akkurat i dag så var det så absolutt ikkje det, me følte me flydde oppover, dei kraftige kasta som stoppa oss heilt opp innimellom, dei bare lo me av….»Hahaha, stoppa ikkje oss!».

Naturen og vegstandarden i denne stigninga er eit syn for auga. Fint uansett kvar du vrir synet, ser du oppover så ser du dei flotte grøne partia, kombinert med svingete vegar, ser du nedover så ser du det same, men du får verkeleg eit inntrykk av at det er ein viss form for galskap i det me driv med, hårnål etter hårnål. Lasse snakka om at her hadde det vert ufatteleg kjekt med motorsykkel, men det ser jaggu meg ut som han kosar seg med eigen motor også.

Tøff nedkjøring
Nedkjøringa mot Lugar Barranquillo Andres er ekstremt tøff og teknisk, vegstandarden er ekstremt dårleg. Dette merkast på avstanden mellom Lasse og meg, eg kjenner vegane og tør litt meir, Lasse imponerer og er tøff, men på ein kontrollert måte, kjekt å sjå! Men FYTTI det tar på i handklypa, smerte, smerte og litt meir smerte. Det svir når me nermar oss neste nedkjøring.

Me fortsett vidare ned mot Tempodalen som igjen går ned mot Arguineguin. Farten nedover fjellsida er ganske god, heilt til eg møter ein stor kassabil som ikkje viker. Dette går verkeleg utover bremsene, då eg har mykje større fart enn dei har.

Tempodalen står til all forventning
Me møter tempodalen med ein viss form for redsel, men også håp, me tør eigentleg ikkje håpe på medvind, men tenk om! Me jobbar hardt nedover og får ein ufatteleg god flyt. Me held ein snittfart på ca 50Km/t nedover dalføret, og passerer andre syklister som om dei skulle vert på spasertur. Lasse tar eit kjempedrag og ligg i front store deler av turen nedover. Me får også besøk av ein annan, me «tvinger» han litt fram i front, kvifor i alle dagar skal me bruka krefter når me er i overtall og har ei trekk-kanin som kan gjera siste rest av jobben.

Kyststrekket mot Puerto Rico
Me senker tempo eit par hakk når me kjem ut til kysten, me har jo tross alt fleire turar på gang. Det er nesten vanskeleg å ta ned tempo på ein dag som dette, ein dag som eigentleg har gått i tørking av oppkast, bytting av heftige bleier og alt som føl med, men som allikevell ender opp med ein fantastisk tur saman med ein kjekk kamerat. Takk for turen Lasse, dette var gøy.

Endeleg framme i Puerto Rico. Det er alltid ufatteleg godt å sjå kånemor og gutane igjen, så må me ikkje gløyma den kjekka svigermor mi, tusen takk for at du er med og gjer dette mogleg, eg håpar at formen til gutane kjem seg snart slik at det kan bli litt strandliv på dykk.

Me er uansett klar for ny tur i morgon, planen er lagt, men du får leva i spenning. Me sjåast i morgon, nå er det natta her!

Stravadata over dagens tur

 

nn_NONorwegian