Alt ligg tilrette for ein rå dag på sykkelen, men veit me kva me eigentleg går til? Dette vert første dag i delvis ukjent terreng for Torland. Velkommen til klatreetappen.

Tidleg morgon
Me var klar til å starte dagen ganske tidleg. Eg punkterte 250 meter frå leiligheten i går kveld, så eg satt tidleg i gang med å skifte slange. Heldig som eg er så var det plutsleg litt baguette og kaffi på bardisken i stova. Når Lasse kom på plass så mangla kun solkremen så var me klar. Planen i dag var å sykle frå Mogan til San Nicolas og vidare ta vegen opp mot Artenara, før vegen til slutt skulle gå over mot Cruz de Tejeda, over haugen og vidare ned mot Ayacata og til slutt San Bartolome, Maspalomas og kysten vidare til Puerto Rico. For de av dykk som aldri har vert i Artenara så er det verdt eit besøk, her har du hus som folk har bygga inn i fjella, nokre av høg standard og nokre av ganske lav standard.

Me starta frå Puerto de Mogan rundt klokka 10:00, då hadde me vert inne å fått ein ny reserveslange frå Free Motion, og fylt opp lommene på ryggen med mat, nøttemix og ein powerrade, sjølvsagt i tillegg til to flasker på sykkelen.

Turen opp mot fjellandsbyen Mogan gjekk i eit kontrollert og greit tempo. Lasse var litt stille i starten, men slikt kjem seg ofte etterkvart når en vert varm, det er tross alt ganske god påkjenning for kroppen å sykle her nede i dag etter dag. I Mogan stoppa me for ein ny frukost, det var absolutt naudsynd med ein god start på dagen i form av mat og kaffi.

Stigninger og god stemning mot San Nicolas
Klatringa mot San Nicolas gjekk fint som bare det. Været var nydeleg, me hadde faktisk valgt vindjakken som einaste plagg på overkroppen i dag, idioti ville nokon sakt, men me vil sei genialt. Armane var tatt av, slik at dette vart ein vindvest, den hadde me åpen ned på brystkassen stort sett i all klatring, men me var alikevell forberedt på kulden som kom til å komme oppe i høgda. Stemninga oppgjennom fjellsidene var meget god, begge var i godt humør, og me opplevde trafikken som samarbeidsvillig og trygg.

Høgda på fjellet me må passere for å komme over og ned til San Nicolas er ca 700 moh. forholdsvis gode stigninger før en skal ned til sjøen igjen.

Vel framme i San Nicolas så var det på tide med litt påfyll igjen. All erfaring og planlegging tilsier at det er langt og bratt til neste mulige påfyll av både veske og energi (mat). Me satt oss ned å hadde ein lunsj på ein koseleg liten cafe/bar i dei flotte gågatene. Lasse vart småbekymra etter underteikna sitt 25 minutterslange toalettbesøk, eg må vell innrømme at tankane sveiv litt hos meg og med tanke på formen til dei heime i leiligheten.

Never ending story mot Artenara
Formen var uansett god nok til at me satte kursen for Artenara. Me hadde fylt på flasker og ryggen med det som var naudsynt, og var motivert for ein dag i fjella. Etter å ha snakka med Free Motion i dag så fortalte dei oss at vegen mot Artenara frå San Nicolas er  som ein «Never ending story», stigningane tar aldri slutt. Kunne ikkje brydd oss mindre tenkte me, det var jo høgdemetrane me var på leit etter. Lasse sitt mål for dagen var meget enkelt: «Eg skal vertfall ha meir høgdemeter enn Ørjan Tislevoll på Mallorca i dag». Peace of cake.

 

Never ending story


Vegstandarden falt ekstremt, dette var reine hompetitten oppgjennom. Lasse som har valgt Synapse sykkelen som eigentleg er ein comfort sykkel satt også å hompa. Ufatteleg greit at me skal klatre og ikkje sykla nedover på dei vegane her.

Godt humør, men fallande energi
Det er løye kor mykje en finn på å snakke om på slike turar, men eg må seie at når me møter bilister som me har gjort i dag, bilister som vinker kvar gang dei kjører forbi, står og klapper og heier kvar gang me passerer dei når dei har bildepause, det gir ein god driv og motivasjon.

Me er forholdsvis flinke på inntak av mat og veske oppover. Uansett så har me nokre «stille» øyeblikk, rett og slett øyeblikk der me merke at driven er fortsatt på plass, men stillheten tvinges fram som følge av at det er tungt eller at me har ein dalande energi.  Eg personleg har ein autopilot som bare fortsett og fortsett uansett kor tom eg blir på slike turar, men eg har det ikkje godt. Dette var tilfellet i dag, eg kom ikkje til å tenke i retning sjukdom og slikt når eg satt på setet, men tenkte rett og slett at eg hadde ete for lite. GPS viste at me rett før Artenara hadde forbrent nermare 4000 kaloriar.

Vegane hadde vert spektakulære, ikkje i forhold til standard, men i forhold til heftige stigningar og lange distansar med stigningar.  Endeleg oppe i Artenara så fant me oss ein «bike stop», dette betyr heldigvis ofte tilgang på mat og drikke. Me satt oss fint ned og bestilte svinestrimler med pommes frites. Lasse slukte maten, eg sleit med maten, når Lasse hadde ete alt så hadde eg komt halvegs i pommes fritesen, kjøttet vart liggjande på tallerken. Kva skjer?

Stengt daglegvarebutikk og stengt veg
Utfordringa mi med matinntaket og energien vart ikkje mindre når me stoppa uten for daglegvarebutikken som hadde siesta, Spar som lå 200 meter lenger opp i gata var nedlagt….UUUPS.

Me var tom for mat i lommene og det begynte å minke på vatn. Me hadde heldigvis dratt med oss 2 stk. Red Bull frå Mogan. Eg har sykla 21 mil i pøsregn på Red Bull før, det kan eg klare igjen tenkte eg.

Kursen gjekk vidare i retning Cruz de Tejeda. «Road closed»… Dette var me forberedt på, Free Motion tilsette sa til oss at her var det mogleg å passere, en måtte bare gå 20 meter med sykkelen. Me tok sjangsen og fulgte anbefalinga hans og fortsatte forbi skiltet og nedover dalføret.

Steinblokker, heftige ras og knust veg
Me fekk dårlegare og dårlegare følelse for valet når me sykla nedover. Eg har aldri sykla og sett så store steinblokker og ras liggande i vegbanen. Me val likevell å høyre på «Gode» råd og sykla vidare nedover heilt til det var bom stopp. Vegen var ikkje eksisterande, og dei 20 metrane han meinte me kunne gå over…..TJA, gå sjølv, den sjangsen tar ikkje me.

Kva i alle dagar gjer me nå… Meir oppoverbakke tilbake til Artenara, kva vegvalg skal me ta, har me mat til å ta dei vegvalga me tar? Er det mogleg å finne motivasjonen og snu dette psykisk oppi hodet til ein ny giv som gjer at me får trua på det me har som mål, målet som nå faktisk er ufatteleg enkelt: Komma seg heim!

Diskusjonar og utrygge val
Det er i realiteten to val ein kan ta.

  1. Sykle ned igjen der me kom frå, få 1000 nye høgdemeter for å komme oss over til Mogan frå San Nicolas.
  2. Ta ein råsjangs på at GC21 ikkje er for tung, og rett og slett fortsette oppover og ta omvegen til Cruz de Tejeda.

Me tok ein råsjangs på det uttrygge og valgte å fortsette oppover i håp om at det ville resultere i ferre antal høgdemetrar, og ikkje minst på at livet på Red Bull skulle halde fram til nedkjøringane starta.

Klatring, skyer, over skyer og blå himmel
Energien var meget lav når me starta. Usikre var me, men me hadde bestemt oss, så planen var klar, det usikre var rett og slett kor hardt dette kom til å bli. Vegane gjekk oppover og oppover. Me kunne sjå på farten til bilistane at dei var på veg heim igjen, bare oss usle små syklistar som var dumme nok til å vere oppe i fjella så seint som dette. Eg er så ufatteleg imponert over flyten vår, same farten, same konsentrasjon, same gode humøret og med kommentarar på lur, uansett kor lav energien var.

Me sykla inn i skydekket og var plutseleg over, fasinerande å sjå. Naturen rundt oss er vakker, du kan sjå kongler falt av træra på størrelse med ein handball om ikkje større. Det vert tynnare og tynnare i vegetasjonen, me merkar at me nærmar oss tregrensa. Samtidig som me fortsett oppover ser me eit ektepar som har valt denne flotte dagen til å ta bryllupsbilde på ein av toppane.

Energien av Red Bull fungerer, kvar dråpe gir ekstra energi. Eg skulle til å spytta, men kjente at det var smak av Red Bull i spyttet, så eg valte fint å behalde det, edle dråpar! Etterkvart kom me endeleg fram til Cruz de Tejeda. Her har eg vert før, og veit at det er framleis ein del klatring før me når punktet der nedkjøringane byrjar. Me jobbar og kjemper, plutsleg får me litt latterkrampe, før en dett heilt i kjellaren og vert stille igjen…Men same farten, same flyten, same motivasjonen og humøret, IMPONERANDE!

 

Det var smak av Red Bull i spyttet, så eg valte fint å behalde det, edle dråpar!


Endeleg nedkjøring
Å beskrive følelsen av at me endeleg er passert dagens høgaste punkt på over 1700 moh. og har stort sett nedkjøring igjen til Puerto Mogan er så og sei umogleg. Det gav vertfall ein ny giv og eit nytt tråkk i pedalane. Vegane nedover forbi Roque Nublo og ned mot Ayacata gjekk som smurt. Me tok ingen sjangsar, men haldt likevel høg fart. Vegen frå Ayacata og nokre mil nedover er kjent for å være tøff når det kjem til vegstandard, her kunne me gjerna hatt fulldempar og vel så det. Grepet og krafta i hendene våre vart verkeleg satt på prøve.

Me held god fart, eg tør ikkje tippe snittfart, men det er ingen tvil om ta me kjem til å nå målet om å komme ned før det er mørkt. Flaks? Dyktighet? Ein god kombo? Eg vel den siste, og flaks får ein ofte av litt dyktighet. Her har det vert gode avgjersler i avgjerande og utfordrande øyeblikk.

Siste nedkjøring mot Mogan, og vidare ned mot Puerto de Mogan går veldig raskt. Me forserer dei små bakkane me møter utan å bruke særleg med krefter.

Framme i Mogan, Taxi heim og klar for kvelds
Endeleg framme i Puerto de Mogan. Taxi sjåførane lo av oss når me spurte om dei hadde plass til to syklar, men han eine tok utfordringa og me fekk det til. Det var to stolte, men slitne karar frå Fitjar som satt på i retning Puerto Rico. Vegen er stengt for syklistar, så Taxi er einaste utveg.

Vel framme i leiligheten så ordna mi kjekka svigermor kvelds til oss, ikkje mindre enn 4 skjever med egg og bacon kvar… MAGISK!!! Tusen takk Elly!

Kviledag – Onsdag
Me hadde fint valt å ha ein kviledag på onsdagen (i dag) grunna planlagt topptur til Pico de Las Nieves på torsdag. Det vart på ein måte ein kviledag i dag, men på ein anna måte enn tenkt. Lasse har fått slappa fint av, men meg sjølv har øvetatt magasjauet som mine to kjære sønner har hatt denne veka. Me venter i spenning på torsdagen for å sjå om formen kjem seg. Ein ting er vertfall heilt sikkert, utan mat og drikke, duger helten ikke… Eg er spent!

God natt og sov godt, så venter me fint i spenning på kva torsdagen bringer! Eg håper virkeleg at eg kan vere med på hovedmålet til Lasse, rett og slett å nå toppen på Gran Canaria.

Stravadata for denne etappen

nn_NONorwegian