Mitt første halvmaraton
Hei!
26. april er dagen eg skal løpe mitt første halvmaraton, eg lurer fortsatt på kva eg tenkte på den dagen eg meldte meg opp til dette. Løpet tar plass i Southampton, det er så langt 5500 personer som er påmeldt.
Eg har aldri vert ein person som løper mykje, på grunn av at eg begynner fort å kjede meg. Eg liker å drive med sport, som handball, da har eg noko som held meg opptatt, slik at eg ikkje tenker på kor mykje eg eigentleg løper. Men eg er meldt på, og gjett om eg skal fullføre.
Det eg først og fremt oppdaga etter eg meldte meg på var kor utroleg mykje motivasjon det gav meg til å komme meg ut å jogge, eller ta ein tur på treningssenteret, sjølv på dager der sofaen ropte på meg etter ein lang dag med skule. Det føles mykje betre å legge seg på sofaen etter ei treningsøkt, da kan du ta kveld med god samvittighet.
Lengden på eit halvmaraton er 21km, sjølv om eg har eit lite personlig mål om kor lang tid eg ønskjer å bruke, så er planen berre å fullføre. Planen eg bruker for å kome i form er eit halvmaratonprogram som er sett saman av Nike. Dette programmet får meg i form med løping, men også mykje styrke og basisøvelser som skal forebyggje skader og gi meg meir styrke og spenst i beina. For meg er det viktig å ha ein plan å følgje, på denne måten veit eg at det blir gjort, og eg kan forberede meg på kva eg skal kvar dag.
Eg er godt i gang med treninga, men takker for at eg enda har god tid til å bli enda betre. Eg er spent, nervøs og gleder meg mykje til å fullføre mitt første halvmaraton.
– Anna 🙂