Vårens finaste sykkeltur

A0E95DF3-A433-4D19-928C-8005A57D729C

Grytidleg morgon og strålande sol, kan det verta betre? Alt låg tilrette for ein fantastisk dag på to hjul. Turen gjekk til vakre Tysnes. Ein planlagt treningstur etter ynskje frå Lisa Lien som er ein av deltakarane i Team Rynkeby – God Morgon Haugaland.

Livet gir mange erfaringar og nye kjennskap, Team Rynkeby deltakinga har så absolutt bidratt til dette. Me lev eit travelt liv her heima på Fitjar, første prioritet er våre fantastiske gutar, Lucas og Sverre. I tillegg har me vår kjære Lucrezia som bur hos oss og er utvekslingsstudent, samt at Lillian tar to studier på toppen av jobben. Det er ingen tvil om at det til tider er utfordrande å få kabalen til å gå opp, difor kjenner ein av og til på at ein ikkje alltid strekk heilt til når det kjem til deltaking i arrangementa som Team Rynkeby er med på i oppkjøringa. Då synest eg det var veldig godt og kjekt når Lisa spurte meg ein dag om ho kunne komma til Fitjar for å trena på sykkel saman med meg, det tek eg som ei tillitserklæring. Sjølvsagt har eg lyst å bidra på dei måtane eg kan.

Løypa eg hadde valt er til tider kupert, forhaldsvis lang, men fantastisk fin. Planen var å bli kjørt til Jektevik, for så å ta ferja over til Tysnes, for så å returnera til Stord og fullføra treninga der.

Jeg er verdens verste forsovelseseshottentott

Meldinga tikka inn på «messenger» 08:25. Jaja, framleis mogleg å rekka ferja tenkte eg, bare litt mindre frukost og kaffi i forkant.

Klokka 10:05 satt me på terrassen og nøyt ein god kopp kaffi og ein hyggeleg prat. Me rakk ikkje planlagt ferja, så det blei neste moglege klokka 11:15.

Eg tok av syklane frå taket på bilen og klargjorde dei. Godt eg hadde med pumpa, for stakkars Lisa hadde bare 4 bar i hjula. Syklane vart raskt klare, og Lillian tok det obligatoriske oppstartsbiletet før me trilla sakte men sikkert ombord på MF Folgefonn. For eit vær, for ein motivasjon, for ein tur me hadde forran oss.

Ferjeturen var fin, temperaturen var god og eg fekk ei bekrefting på at «kort kort» var korrekt val av klær.

Me starta roleg frå Hodnaneset og satte kursen mot Flakkavågen og Onarheim etter at bilane hadde kjørt. Dette området er eit fantastisk stykke natur. Nydelege omgivelsar der du syklar i sjøkanten med utsikt mot dei majestetiske Kvinnheradsfjella. Lukta av sjø, tang og tare sviv inn i nasa di som den beste parfyme….Himmel!

Tysnes er kupert, mykje opp og ned, nokre bratte kneikar, men samtidig fine sletter som gir rom for å kosa seg. Målet mitt for Lisa på denne turen er at ho skal få kjenna at gjennom ein lang dag på sykkel så er det oppturar og nedturar, ein må bare gjer nedturane så korte som råd. Eg hadde lyst at ho skulle få kjenne på følelsen av fart og flyt i periodar, men samtidig få inn bakkar for god styrketrening. Auka erfaring er vell eigentleg hovudmålet.

Lisa kjempa seg opp kneika i retning Lundegrend. Pusta godt, men ikkje eit negativt ord. Sterkt. Etter bakken la ho seg fremst med eit smil.

For ein fantastisk følelse å kjenna at beina vil dø i bakken, til at dei kjennes sterke rett etterpå

Eg er tidvis imponert, ikkje nødvendigvis over treningsgrunnlaget, men over motivasjonen, humøret og ståpåviljen. Treningsgrunnlaget er me jo ute å jobbar med no.

Me passerer Lundegrend og set kursen mot Våge. Sjølukta er tilbake, det er heilt fantastisk. Vegane gir lite rom for flyt når ein kjempar i bakkane, men god trening er det.

På veg fra Våge i retning Hodnaneset merker eg at bakkane svir hos Lisa. Framleis ikkje eit negativt ord.

Vel framme på ferjekaien vart det ein fin prat i sola. Det kom ei hyggeleg dame bort til oss å snakka litt også.

Ferjeturen over til Stord gjekk alt for raskt. Me sat å nøyt sola på øvre bildekk. Nydeleg.

Etter ankomst Jektevik sat me kursen sørover mot Leirvik. Tungt å starta rett i ein bakke etter ein pause. Lisa var tom for vatn, så ho fekk mitt.

Me hadde ein fine fart og god flyt på fortaua mot Grov. Lisa låg ganske tett på hjulet og gjorde nøyaktig den jobben hu skulle. På Grov var det bare å komma seg ut i veibanen. Heldigvis var ferjetrafikken allereie passert.

Turen gjekk vidare via Rommetveit og ned til Leirvik sentrum. På Rommetveit var det ein vegarbeider som hadde stålkontroll på at me skulle til Paris. Skulle gjerne slått av ein lenger prat.

Opp Vikabrekko vart me einige om å korta ned ruta. Me set kursen mot lasagne i Rossnesvegen 111 på Fitjar. Skal bli godt å sjå kåno og ungane igjen, i tillegg har svigers komt på besøk. Kjekt.

Motvinden me fekk i Sagvåg var ikkje noko kjekk. Me jobba og sleit for kvar km/t me kunne få.

Når me sto på Rydland og venta på Lillian var det ikkje for å få påfyll av mat og drikka, men rett og slett fordi ryggen til Lisa slo seg vrang. Me kasta inn handkledet, monterte syklane på taket, nøyt kvar ein seigmann kåno hadde med, å ikkje minst Solo flaska….

Vel fortjent sat me å nøyt ein god lasagne heima i huset. Nydeleg.

Tusen takk for ein fine tur Lisa, hardt skal det være, det er det som gjer det lettare når alvoret startar. Stå på, tren vidare, og gå «all-in» for dette no! Det krever sitt, men det er verdt det til slutt.

Diverse sitat Lisa på denne turen:

Følte du mista litt troå på meg i går, og det e ikkje så rart 😅Mista troå sjøl ei litå stund der, men i går kveld kjente eg at det tok fyr i meg. Eg ska sykla te krampå tar meg fram mot 29.juni

Takk for nydelig opplevelse i vakre omgivelser, knallgod treningsøkt og indre banning

Indre banning kan me lika, spesielt når det ender med takknemlighet og gode smil i etterkant 😊

På gjensyn

Stian

Skrevet av Stian Torland

Elsker turer, utfordringer og fysiske aktiviteter. Har gjort det til ein livsstil å utfordre andre til ting de normalt ikkje ville gjort. Driver Challenge4you.com som er et nettsted som skriver om turer, eventyr og utfordringer. Mine fullførte utfordringer og hovedmål: *Nordkapp-Lindesnes: 2700Km, tid: 18 dager - 2011 *Danmark-Italia: 2500Km, tid: 18 dager - 2012 *Trondheim-Oslo: 542Km, tid: 22t 55m - 2013 *The Iron Curtain Trail: 10000Km, tid: ca 4mnd - 2014