Strålande sol, blikkstille hav og to spreke foreldre gjer at alt låg tilrette for ein fine kveldstur til Rutle. Ein fine tur vart det.
Eg vart positivt overraska når pappa sa ja til enda ein tur på hjul, og ikkje minst når det var til Rutle. Me hadde ein fin tur på måndag, så eg skjønar godt at han var litt tilbakehalden til å byrja med.
Sykkelen hadde fått nytt dekk og slange, eg var påkledd og satte kurs mot Steinabrekko og mine foreldres heim. I det eg åpna døra fekk eg ein veldig positiv overraskelse, der satt begge foreldra mine påkledd i mine Challenge4you sykkelklær. Det skjer ikkje ofte.
Me trilla inn i mot Rema 1000 og tok Stølsvegen sidan det er så skarpe steiner i sentrum der dei arbeidar. Angrar på veivalget i går, punktering vart det.
Eg har ingen behov for kjempefart når eg har fått med denne gjengen på tur. Her set eg pris på kvart eit sekund. Jo lenger tid jo betre.
Pappa syt litt over vondt i bakstussen etter gårsdagen, mammo set å smiler. Dette gir meg gode minner. Tenker litt tilbake på dei siste 50 mila der mammo var med meg på min lange sykkeltur til Svartehavet. Eg har ein vill draum om å ha med mine gutar, kåna og foreldre på ein tur i vårt fantastiske land…Sjå for deg opplevinga saman.
Stolte var dei begge over å ha komt seg til Rutle. Bare halvegs nå. Pappa var skjeleglad for at me ikkje skulle til Dyvikjo, er jo ikkje naudsynt å ta bakken to gangar.
Me satte kursen nordover igjen. Dette er kvalitetstid for meg. Eg håpar verkeleg at dette er noko som kan gjentas innimellom, det hadde vert utruleg kjekt, og ikkje minst helsebetrande.
Når me sykla over Tveita med kurs ned mot Vik fekk me utsikt mot ein fantastisk solnedgang med gjennskin frå eit blikkstille Storavatn. NYT.
Takk for turen Mamma og Pappa, de er gode! Må ikkje bli lenge til neste..
Det var ein stolt Stian som la seg om kvelden etter første turen i dei nye Team Rynkeby klæra, eg hadde ikkje trudd at eg skulle kjenna slik på det, men det satt djupare i meg enn eg hadde sett for meg. Det var ein stolthet blanda av teamtilhørighet, men i størst grad fordi det gav meg ei påminning om kva eg skal vera med på i sommar. Eg får frysningar når eg ser deltakarvideoar frå tidlegare, her finst det mange sterke og rørande historiar.
Dansken frå Fossdal med familie hadde invitert til fjelltur, og me takka sjølvsagt ja. Er det noko eg set pris på så er det ein tur ut i friluft saman med familie, venner og andre folk eg er glad i. Turen saman med Fossdølingane skulle ta oss innover fjellet mot Store Eitlandsvatnet. Påsken i år har rett og slett blitt ein aktiv påske for store og små.
Turen opp til Store Eitlandsvatnet var ein tøff tur for dei minste, det starta med ein bratt stigning på ca 120 høgdemeter, før det vart flatare innover i heio. Rikke imponerte og haldt stø kurs oppover og var sterk som bare det. Bakken vart tøff for Lucasguten som starta med friskt mot, men åpna nok litt hard som mange pleier å sei. Humøret kunne ingen ta frå han. Med litt bærehjelp frå onkel Bjørn Erik, samt pappa Stian, begge med meis og kvar sin gut på ryggen, så kom me oss opp.
Været var som resten av påsken, rett og slett fantastisk. Lucrezia fekk endeleg sin første tur på sti i Noreg, og såg ut til å nyta tilværelsen. Kjekt. Inne ved vatnet sat me tre familiar, ungane lekte i ein båt som låg i stranda, vaksne sat å slappa av, haldt kontroll på dei små og nytte ein kopp kaffi mens pølsene vart steikte på ein medbrakt gassgrill. NYT.
Turen vart avslutta hos Hilde og Bjørn Erik, der me grilla på ny. Ungane lekte å koste seg. Sverre stakkar var heilt utkjørt og sovna som ein stein i Rikke si seng.
Lørdagsmorgon sat eg meg på sykkelen som planlagt. Dette var dagen for ein langtur i fjella. Beina kjentes friske ut, temperaturen var litt kjøligare enn forrige tur, men det låg an til å verta betre utover dagen. Planen var å fullføra ein runde eg har sykla ved to anledninger tidlegare, men aldri aleine. 11-12 mil venta over fjell, ved sida av vatn, gjennom dalføre og ein fantastisk natur.
Første hindring var Lilandsbakkane frå Skåland. Det er passeleg bratt og langt oppover. Utsikten er det ikkje noko å sei på. I bakgrunnen har du Lundevatnet, før du får Fagervatnet på venstre side på veg oppover. Det var eit nydeleg skue i det vindstille landskapet. Det var lite bil og rett å slett ein fryd å sykla i fuglekvitteret langs vegane. Mydland vart passert før ein kom nedover mot Sokndal. Av erfaring visste eg at det er lite moglegheitar for påfyll av mat og drikke undervegs, så eg stoppa på ein bensinstasjon og fylte opp flaskene og kjøpte litt meir proviant.
Turen vidare gjekk inn mot Rekeland, forbi Barstadvatnet og vidare innover mot Grøsfjellvatnet. Det er vanskeleg å beskrive kor fint det er å sykle aleine når du kan speile deg i vatna rundt. Du kan sjå den fantastiske naturen som eit nydeleg speilbilete. Vel nede på Helleland starta turen oppover mot Sirdal og enda fleire stigningar. Fallretninga på elva langs vegen fortel alt om kva som møter deg av bakkar. Heldigvis er det forhaldsvis slakt oppover i store periodar, men beina mine begynte fint å mørnast litt, provianten og drikka vart drastisk redusert på veg oppover. Fylkesgrensa vart passert og det gjekk seigare og seigare med meg, men pågangsmotet var på plass. Eg prøvde å porsjonera ut restane. Maten var eg tom for, men eg hadde litt powerrade og vatn igjen når eg skulle starta på stigninga ved Bjørnestad. Turen oppgjennom dalføret og inn i Sirdal kommune er eit vakkert skue, men ein sliten Torland sleit litt med å nyta synet, og fokuset gjekk meir og meir på korleis ein skulle fordela kreftene når en var tom for mat og drikka.
Ved toppen på Bjørnestad vart det ein liten pust i bakken. 2,7 mil igjen til Moi. Eg bestemte meg for å kjøra på. Eg veit eg er seig nok til å tyna kreftene når det gjeld. Snittfarten klarte eg å auka på veg mot Moi, men eg hadde ikkje mykje igjen. Det vart mindre bildetaking, og fokus var på kvart einaste tråkk. Tråkk for tråkk, meter for meter.
Endeleg framme i tunet hos svigers. Eg var ikkje mottakeleg for så mykje snakk. Eg registrerte at dei spurte om eg klarte å halda meg utan mat fram til middag……Her var det bare å ta saken i eigne hender. To skåler havregryn dynka i sukker vart mitt svar på det. Middagen 30-45 minutt seinare gjekk fint ned den også. Resten av kvelden var eg fint stille, trøtt og døsig.
NOK EIN PÅMINNING OM VIKTIGHEITA AV MAT OG DRIKKE….
I skrivande stund set eg her å tenker tilbake på ein fantastisk påske. Eg har nytt tida saman med familie og folk eg er glad i. I dag har eg hatt Sverre i bæremeisen, og me har gått opp til Naså saman med Lucrezia. Ein fine tur med ein livleg Sverre vart ganske morosam til tider. Lucrezia imponerte og kom seg fint opp. På toppen vart det litt Facetime med Lucas og Lillian, samt ein Facetime til Paolo (pappaen til LU) i Italia.
Håpar de alle har hatt ein fin påske, det har vertfall me. I morgon går turen heim igjen til Fitjar. Alltid kjekt på tur, men alltid godt å koma heim igjen også.
Påske for meg er familietid, ut i naturen og forhåpentlegvis nyta dagar i fint vær med mine kjære. Denne påsken er ingen unntak, einaste forskjell er at eg i tillegg skal trena til turen saman med Team Rynkeby God Morgon mot Paris i sommar.
Påsken starta med at Lillian og Lucrezia reiste til Oslo for å oppleva hovudstaden vår på nært hald. I tillegg skulle Lucrezia få besøk av bestevenninna hennar. Eg og gutane hadde bestemt oss for å at me skulle ha litt kvalitetstid saman med bestemor og besten.
Fredagen tok eg fri frå jobb for å få meg ein lengre sykkeltur, turen gjekk mot Langevåg på Bømlo. Det vart ein fine tur som eg i stor grad sykla saman med ein frå Sagvåg som eg traff undervegs, aldri møtt han før. Kjente at det var på tide å få ein tur på denne distansen, godt å verta minna på viktigheita av matinntak og liknande.
Laurdagen for me opp til gapahuken med Kidnavatnet i midtfjellet. Med oss vart bestemor, besten og oldemor. For ein fantastisk tur det var. Gutane storkoste seg. Dei sprang rundt i området, fekk oldemor til å hoppa paradis og springa rundt. På bordet sto det kaffi, kakao, frukt, sjokolade, skjeva og skinkeost, kva meir treng ein for å kosa seg til fjells på fine dagar som dette. NYT. Dagen avslutta me med overnatting i Steinabrekko hos bestemor og besten, gutane la seg fint, biffen vart servert av mi gode mamma, etterfulgt av ein tur i boblebadet.
Søndagen var ingen forskjell. Same gjengen samla seg til fjells. Det var litt kaldare vind i lufta, men me klarte fint å kosa oss nokre timar uansett. Ein fantastisk start på påsken.
I dag er det torsdag, eg set i godstolen på Moi og skriv ein liten oppsummering av påsken så langt. Me kom til svigers i går, nytte kvelden saman med gutane. Dei fekk seg ein tur ned til sauene som var godt i gang med lambinga. Lucas var i sitt ess, han ville halda, klappa, kosa og kyssa. Sverre starta tøft ut, men vart raskt litt usikker då sauene var sultne og litt høglydte. Han prøvde seg på ny etter dei hadde fått litt for, det gjekk litt betre.
Planen i påsken er å få seg nokre sykkelturar innimellom, helst slik at det ikkje skal gå så mykje utover tida samane med gutane våre. I dag satt eg meg på sykkelen når Sverre hadde kvilda si. Eg henta Team Rynkeby klæra på vei til Moi, endeleg skulle eg også få sykla i full Rynkeby bekledning.
Turen gjekk frå Moi og til toppen på Bjørnestad. Det var ein fantastisk tur oppgjennom dalføret, og opp stigninga mot slutten. Naturen, det stille vatnet, den klare elva og all fuglekvitteret, kva meir kan ein be om. Temperaturen var fin og eg nøyt kvar meter. Eg har ikkje ord for kor stolt eg følte meg av å sykla med den nye bekledninga. Det er ei stor æra for meg å kunna vera med å bidra til ein så viktig sak som dette. Eg smilte frå øyra til øyra.
Resten av dagen har me kost oss saman med gutane, me har vert ute å lekt og nytt finaværet. I morgon ventar ein tur i heio med Hilde, Bjørn Erik, Rikke og Adrian. Det blir ein kjekk familietur.
Ferie, kva er eigentleg ferie? For meg er det ei tid saman med familie med kjekke aktivitetar og minneverdige øyeblikk. I dag hadde eg eit slikt øyeblikk, det ynskjer eg å beskriva for dykk i form av ein videosnutt seinare i dette innlegget. Tida vår her på Gran Canaria har vert prega av sjukdom og sjukehusbesøk, noko som mange av dykk allereie veit. Men det er ubeskriveleg korleis me er bygde til å fokusera på det positive. Denne siste veka har gitt oss eit innblikk i korleis denne ferien eigentleg skulle vera. (meir…)