Styrkeprøven 2013 er offisielt i gang!

Dagen dei alle har venta på er endeleg komen, og dagen har team Challenge4you brukt til å forberede kroppen riktig og på best måte før ein real styrkeprøve. Baking av supermuffins, soving, handling av siste utstyr er berre litt av det som har pågått idag.

 

542 km er det denne gjengen skal legge bak seg under dette rittet. Det er 47. gangen det blir arrangert. Gjengen som møtte meg ved start var både nervøse og veldig spent på kva som venta dei. Det som blir mest avgjørande for gruppa i dag er veret. «Geir» som uværet har har blitt kalla har bestemt seg for å slå følgje under årets ritt. Mykje regn har alle syklistane å venta seg. Noko som kan føre til øydelagte veger. Målet er å kome i mål på under 20 timer, dette blir avgjerande om dei klarer å finne seg eit lag å slå følgje med frå Dombås, dette vil hjelpe dei enormt. Med fleire på laget kan dei nytta kvarandre av andre sin fart, og bytte på å dra feltet.

 

Det kribla godt i magen til dei ventande syklistane før rittet, som nå i skrivande stund er i gang med rittet. Dei har god tru, og må berre ha is i magen. Formen bør vere på plass før ein meldar seg på eit slik ritt, nå er det for seint å tenkje på kva ein skulle ha gjort. «Dette blir bra», kjem det frå gjengen.

 

Største motivasjonen er heilt klart: øl! Den skal smake godt etter dei har kryssa mål linja. Dei legg til at det også skal bli ein stor personlig seier å fullføre.

 

Laget er (Med startnummer i parantes)

Stian Torland (1718)
Per Daniel Pettersen (1730)
Vidar Aastvedt (1727)
Vegard Mortensen (1719)
Jarle Hamre (1728)
Kåre Maristad (1720)

 

[fancygallery id=»styrkeproven-2013″ album=»start»]

nn_NONorwegian