I dag vakna eg faktisk av vekkerklokka mi, noko som ikkje er vanleg når eg sover i teltet sidan eg ikkje pleier å sove så veldig godt i teltet og at varmen har begynt å vekke meg.

IMG_0164Men me har tydlegvis lagt oss på den perfekte staden på campingplassen. Når eg i dag vakna av alarmen på telefonen, var det ikkje noko steikande varme.

Det første som slo meg var at veret ikkje var så bra i dag. Men når eg kom meg ut av teltet viste det seg berre at sola hadde ikkje komt til oss enda, me hadde funne skyggesida, deilig!

Me kjende fort at dette kom til å bli ein svært varme dag, så hadde me vert lure såskulle me komt oss på sykkelen litt tidlegare enn det me gjor for å få nokre mil før den verste varmen. Me fekk i oss ein god frukost og var på sykkelen rundt 09.30 – 10-00.

Me har vert litt meir gjennomtenkte i dag enn det me var i går. Me viste at dei fleste ville ta siesta i nokon timar midt på dagen, i tillegg til at det var søndag.

Så før me trakka i veg på sykkelen, gjekk me innom markedet som høyrte til campingen å fekk handla med oss litt mat og drikke.

I dag har det gått radigt med oss, vegane har vert veldig fine å sykle på. Har ikkje vert så mykje på opp, men mykje flatt og litt svakt nedover. Noko som gjer at me må trakka på heile tida, som igjen sliter på i det lange.

Men for ein flott dag, utruleg varmt og fint! Me har storkost oss i heila dag!

Humøret er på plass, motivasjonen er på plass og me angrer ikkje eit sekund på denne fantastiske turen me har hatt til no, og gledar oss berre enda meir til det som kjem dei neste dagane.

Me er på veg ut av alpene no, og har komt oss eit stykke inn i Italia. Me er ein 4 mil frå byen Verona ikveld.

Midt på dagen i dag fant me ein liten pub/cafe langs sykkelvegen kor me stoppa for å rett og slett få i oss litt cola og energidrikke. Me var ikkje dei einaste syklistane som syntes det var varmt i dag, for her var det fullt av syklister som hadde seg ein god pause frå varmen.

Me tok oss ein deilig halvtimes pause her før me kom oss på sykkelen igjen. Denne pausen var gull verdt for resten av turen i dag.

I dag har me sykla på ein flotte sykkelveg så og sei heile vegen. Me har sykla litt på landet, innom småplasser og gjennom fleire plassar der dei har dyrka mykje med druer, epler og andre gode frukter.

Me avslutta dagen etter rundt 11,5 mil i dag. Me kjenner godt at varmen tar ekstra på! Me har lagt oss inn på eit Bed and Breakfast, sidan det ikkje var noko camping på fleire mil. Her har me fått oss eit godt måltid og koser oss no med England – Italia på tv med god øl i glaset!

Arrivederci!

GPS DATA: Laives – Brentino

[fancygallery id=»danmark-italia» album=»24-06-12″]

nn_NONorwegian