I dag klarte me endeleg å holda oss til planen, nemleg å stå opp tidleg og komme oss tidleg av gårde på sykkelen.

Me var med frukostbuffeen 06.30, hadde oss ein god frukost og var på sykkelsetet rundt 08.00. I dag skulle me legge nokre gode mil bak oss.

DSC00414Me starta dagen med litt klatring, ikkje dei brattaste bakkane, men oppover gjekk det. Me hadde rundt 1,5 mil oppover. Etter 1,5 mil oppover gjekk det nedover, omtrentsame distanse. Så før me viste ordet av det hadde me nådd 3 mil.

Men så skjer det som me ikkje hadde planlagt denne dagen. Enda ei spile på sykkelen min ryker. Nei og nei! Me var ikkje i nærleiken av nokon store byer, så det å finne ein sykkelbutikk såg me svart på.

Det trengte me heldigvis ikkje uroe oss for. Det viste seg at 1 km frå finner me ein sykkelbutikk.

Her treffer me nokre unge herrer. Dei er veldig hjelpsomme og setter i gang med sykkelen med ein gang. Me bestemmer oss for å bytte heile felgen, så forhåpentlegvis vil me sleppe fleire knekte spiler.

Det gjekk ein tre timer her på sykkelbutikken, så det å få litt fleire mil bak oss i dag gjekk litt i vasken. Men me er glad me har fått fiksa sykkelen skikkeleg. Må sende ein stor takk til guttaboys i sykkelbutikken, var til super hjelp!

Eg fekk til og med eit klistermerke på sykkelen min som viser at eg har vert i butikken deira, stas!

Turen vidare har vert litt oppover og litt nedover. Egentleg ei veldig grei sykkelløype i dag, utan dei store utfordringane, som for eksempel skogsvegar.

Veret i dag har vert fantastisk, heile 31 grader i skyggen har me hatt i dag. Misforstå meg rett, me nyte verkeleg da deiliga veret, men fysj så varmt da har vert å sykla i dag. Me har vert flinke heile dagen å få i oss mykje veske.

Eg er blitt utnemd til Kartlesar, og dei som kjenner meg og min retningssans kan no ynskja oss lukka til. Men tru da eller ei, eg synes eg er ein veldig god kartlesar, om eg må sei da sjølv.

Men må innrømme at når me kjeme inn i dei litt større byane melder eg meg ut og lar iphonen til Stian styre oss ut av byen. Der har eg ikkje sjans, for meg kan alle retningar vere den rette.

Me har lagt bak oss nermare 13 mil i dag, noko me er veldig nøgd med. Me er kommen oss til campen, har fått i oss litt mat, tatt ein dusj og har hatt oss ei velfortent øl medan me har sitt litt EM på storskjerm!

No skal me slå opp teltet og få oss ei god natt søvn, me prøvar igjen i måro å komme oss tidleg på beina og få nokre gode mil bak oss, men ein veit aldri kva utfordringar ein kan møte i løpet av ein dag, det får man berre ta som det kjem.

Me nermar oss grensa til Østerrike, så om nokre dagar er me på veg oppover alpene! God natt godtfolk!

GPS DATA: Ilmenau – Bamberg

[fancygallery id=»danmark-italia» album=»18-06-12″]

nn_NONorwegian