Den store turen er endeleg i gang, noko me har venta lenge på. Me tok toget frå Stavanger fredags kveld, og la inn på hotell i Kristiansand.
Der hadde dei desverre ikkje mulighet å låse inn syklane, så me måtte rett og slett ta dei med inn på rommet vårt.
Båten til Danmark gjekk tidleg lørdags morning. Siden dagen har bestått av noko reising hadde me ikkje noko spesielle mål for dagen, men ville få nokon mil bak oss sånn at me følte me var i gang.
Me begynte på Hirtshals i dag, og endte dagen i Aalborg, rett i overkant av 7 mil idag.
Ein ting me kan skrive under på er at i Danmark blese da, og da blese veldig. Og det største problemet med denne vinden er at den blese feil veg, vertfall i forhold til oss.
Me har sykla i motvind og regn heile dagen, noko som kan ta litt på. Men me har humøret og motiavsjonen på topp!
Me sa tidleg at Danmark er eit land me vil kome fort gjennom, på grunn av at det er eit land me har besøkt ein del før og fordi me gledar oss til landa som kjem litt lenger sør.
Etappen i dag har ikkje vert av dei mest spennande, dei største høgdepunkta i dag er: ei død kråke i vegen, 2 esel på ein bakke, 5 helikopter som hadde øving til flyshow og lunsj under ein semitrailer-hengar ( Sjå bilete på twitter).
Som du kan sjå er det svært lite som har vert spennande, men me har hatt ein flott tur og me har kost oss stort!
I tillegg til dei høgdepunkta eg nevnte, så har me hatt to til! Før båten i Kristiansand i dag, klarte Stian å gå på tryne. Han klarte å sykle ned i eit spor i vegen, noko som gjore at sykkelen sklei og Stian fauk.
Det beste av alt er at han hadde videokameraet på, så dette har me på film. Det andre høgdepunktet var når eg klarte å gå på trynet. Stian gjekk på tryne i fart, eg klarte å dette når eg står i ro, eg tok ein «Marte». Du ser da at eg gløymde at eg satt fast med eine foten, og mista ballansen.
Desse to fallene har resultert i skrubbsår, blåmerke og litt blod. Men alt i alt så er det berre morrosamt, sidan det ikkje blei noko store skadar på verken oss eller syklane!
Me har slått opp telt på Strand Parken Camping i Aalborg. Me var ein liten tur inne i byen å hadde oss litt mat, der me fekk oppleva stemningen når Danmark vant over Nederland i kveld, god god stemning!
I måro er me i gang igjen, og me er forberedt etter ein svært regnfulldag idag, at me må kle oss i våte sykkelklede i måro, men er me på sykkeltur, så er me på sykkeltur!
Uansett motvind og regn så har me hatt ein gjennomsnittsfart i dag på rett i overkant av 15 Km/t
Nytt innlegg i måro, så følg med!
GPS DATA: Hirtshals – Aalborg
[fancygallery id=»danmark-italia» album=»09-06-12″]