I dag vakna me i Gifhorn, å herlighet så godt eg har sove i natt. Kanskje eg byrjar å bli vant med å sove i telt? Det var tungt å stå opp, så klokka blei litt meir enn det me hadde tenkt (igjen), men var ikkje så gale.

IMG_0096Me kjende fort at dei 15,6 mila frå i går hadde tatt litt på, og me var litt tunge i kroppen begge to.

For første gang på turen kunne eg starte dagen med å sykle i shorts sidan temperaturen var veldig bra. Etter kvart byrja vinden å ta seg opp, og det var motvind.

Sidan det var motvind gjekk det ikkje så veldig radig med oss, men me kom oss sakte men sikkert på fram.

Etter nokre mil måtte me rett og slett hive på oss regnklede, for då kom regnet. Det er ikkje så spennande at eg skriv om veret, så kort fortalt var det eit veldig skiftande ver.

Som sagt gjekk det ikkje så fort med oss idag, mykje på grunn av vinden, men også fordi kroppen var rett og slett litt sliten. Me hadde sett eit mål for dagen, nemleg Harz Camping, og der skulle me.

Etter 12 mil, hadde me omtrent 1 mil igjen. Og det var oppover, langt opppover. Kan love deg at det var svært, svært deilig å endeleg nå campingen.

Ein ting me har lært oss her i Tyskland er at me alltid må ha euro med oss. Det er ikkje mange plasser, spesielt småplasser som tar visa. Så etter ein lang og tung dag kom me fram til campingen, og me kjem på at me har glømt å ta ut euro. Med andre ord, så har me ikkje penger til å betale campingen.

Dama i resepsjonen kan ikkje eit kvekk engelsk, så me prøver så godt me kan å forstå kvarandre. Då lære me av kjære mamma Jorunn og bruker til teiknspråk og gjer så godt me kan.

Til slutt er ho så hyggeleg at ho lar oss bu gratis, og ho gav oss gratis chip til dusjen. Noko som me sett utruleg stor pris på, trur ikkje ho veit kor stor pris me satt på den flotte gjestfriheten.

Me får sett opp teltet, og rigga oss til. Me tar oss ein liten runde rundt på campen før me skal gå å legge oss. På denne runden kjem me innom ein liten pub som ligg på campingen.

Her blir me spandert øl og shot på. Så me kosa oss med ei øl medan me såg Sverige – England spele. Traff veldig hyggelege folk!

Etter denne dagen er me ekstra klar for ei god natt søvn! Natta!

[fancygallery id=»danmark-italia» album=»15-06-12″]

nn_NONorwegian