Endeleg er dagen for Bømlasamlinga på trappene. Eg har vert så spent på denne dagen. Det har vert mange spørsmål i hovudet mitt i forkant. Korleis vil det verta å endeleg bli betre kjent med gjengen? Kan eg bidra med noko positivt i gruppa? Spent på mennesket, og kva gode samtalar som ligg føre meg.
Tidleg laurdagsmorgon sat eg i bilen mot Halleråker på Bømlo, eller rettare sagt, eg skal til Bømlo Hjarterom. Eg veit ikkje kva det er, men eg likar namnet. Sykkelen er på taket, bagasjen er pakka og eg motiverer meg for ein eller to lange dagar i regn.
Eg vert møtt av Lars, ein av vertane, og inne var det rett til frukost saman med Torunn som også var vert, samt Ingrid Helene som er ein del av vårt fantastiske serviceteam. Eg skal innrømma at eg var frykteleg spent, men det gjekk ikkje lange tida før snakketøyet virka som det skulle.
Resten av gjengen kom etterkvart og me vart sakte men sikkert klar for sykkeltur. Det låg an til å bli ein våt affære, men det var me innstillt og motivert for.
Oppstilling vart ropt ut av kaptein Jammi, og Liv Johanne. Gruppa var klar. Me trilla ut frå Halleråker og satte kursen mot Langevåg. Det var lett å merka at gruppa var spent. Farten var ganske lav, men humøret var godt i gruppa. Endeleg var me på hjul saman. Fantastisk kjekt at så mange hadde anledning til å ver med.
Turen ut mot Langevåg starta med ein del rykk og napp, litt trekkspelseffekt og forhaldsvis uryddig sykling. Eg kjente for min del at det gjekk ein del tankar i hovudet mitt, ikkje negative, men tankar om kva måte eg kunne bidra til meir trygghet for enkelte, samt meir flyt. Eg elskar flyt, flyt er det besta som finst på sykkel.
Liv Johanne hadde sett det samme, og det vart gjort nokre grep i gruppa når det kom til plassering. Eg vart flytta fram til Lisa og me sykla saman vidare. For ein energi og positivitet. Me fekk flyten opp nokre hakk i fleire periodar. Det å sjå korleis gjengen sprudla når dei såg korleis det kunne flyta. Fantastisk, rett og slett.
Det vart ein toalettpause på senteret i Langevåg før me sykla vidare. Vegane på Bømlo er godt varierte, nokre stadar med fantastisk standard, nokre smale med ein del slaghål og andre variantar. Kjempeflotte forhald til å øve på verbal kommunikasjonsflyt og tegngiving i gruppa.
Regnet fortsatte å pøsa ned. Det var ein konsentrasjonsprøve for kvar og ein. ROLIG, TEKNISK, TEMPO, ROLIG, ROLIG, ALLE ER MED, ALLE ER OVER er noko av informasjonen som gjekk igjen og igjen. Trafikkantane var i stor grad snille med oss, men det var nokre som absolutt ikkje kunne ver frå Bømlo, for slike forbikøyringar bala ikkje me med her på øyno, kom det frå Torunn. Makan til humørspredar skal du leita lenge etter. Alltid ein kommentar på lur.
Eg smilte godt og lenge når eg høyrte kjente låtar, men minst lika mykje når fleire i rekkene dikta eigne sangar for laget, fantastisk.
Kor ska me gjør av oss, kor ska me gå, kor e revansj me har venta på. Alt me har kjempa, sloss for å få, kan ikkje venta å klara det nå.
Humøret kan ingen ta frå oss, det er vertfall heilt sikkert. For eit humør, for ei stemning, for ein gjeng!
Turen gjekk vidare på andre sida av Siggjo og i retning Moster. Her snudde me nede på kaien og sykla vidare. Våte og kalde var me klar for å komma heim. Det vart meir og meir stille i rekkene når me sykla nordover mot Svortland og vidare mot Halleråker.
Alle vel framme på Halleråker, klare for ein god og varm dusj før det vart god mat og sosialt på kvelden.
Det vart ein fantastisk fine kveld med det som er i ferd med å verta gode vener. Me kosa oss med ein knallgod chilli con carne, eit utruleg hyggeleg vertskap og selskap. Samtalane gjekk i historiar frå tidlegare turar, tankar kring årets tur og ikkje minst litt innblikk i kva personlege historiar som ventar.
Dag 2:
Etter ei god natt søvn heime hos Torunn og Lars, sat eg meg ned i sofaen heilt aleine og begynte å skrive litt stikkord frå gårsdagens tur. Eg sat med ein god følelse, og gleidde meg til ein ny dag på hjul saman med denna fantastiske gjengen. Værmeldingane var varierte, noko som gjorde at eg mentalt forberedte meg på nok ein fuktig dag.
Resten av gjengen begynte å våkna til. Vertskapet diska opp med ein kjempefrukost, for ein start på dagen.
Gruppa klarte sakte men sikkert å gjera seg klare for sykling. Men først etter at Lasse, Håkon og kaptein Jammi hadde gjort ein fantastisk teknisk jobb med syklane til storleiken av gruppa. Det viste seg at bremsene som fulgte med syklane var noko ubrukelege greier, 90% av gruppa var nesten utan bakbrems når dagen var omme.
OPPSTILLING! ALLE KLARE, KJØR! NEEEEI…KAPTEIN JAMMI SKAL SETTA I GANG GRUPPA..KAPTEINS ORD ER LOV!
Hærleg tenkte eg. Det er viktig i så store grupper at rollene vert oppfylt, og at beskjedar vert fulgte.
Me satt i gang etter nokre kloke ord frå Kaptein Jammi. Dagens mål var nordre del av Bømlo. Ein av mine favoritturar i Sunnhordland, kombinert med Onarheim på Tysnes med den fantastiske utsikta over snødekte Kvinnheradsfjell.
Turen starta med eit roleg tempo, men det hadde skjedd noko med gruppa over natta, det var ein slags ro, trygghet og det virka som folka var meir komfortable saman. Gruppa sykla mykje ryddigare og var godt samla. Nøkkelen er ikkje farten enda, nå gjeld det å få folk i gang, få folk til å kjenna kvarandre, til å sykla godt saman, til å nyta tida på sykkelsetet og til slutt oppnå ein god flyt i turane, som igjen vil resultera i ein mykje betre snittfart ved seinare høve.
I rundkøyringa på Svortland var det satt opp ein frå gruppa som stoppa trafikken, slik at gruppa kunne sykla trygt og godt gjennom utan å være til fare for seg sjølv eller andre. Det var ein fryd å sjå på.
Været var føreløpig heilt strålande, det vil sei opphald og godt humør.
Me passerte tidleg Urangsvåg og satte kursen mot Brandasund. Turen er kuppert og veldig variert. Det er ein god dag å sykla ut sidan det er søndag og ikkje så mykje trafikk ut mot fiskemottaket.
Naturen er eit syn for auga, eg elskar denne turen, og håpar at dei andre på sykkelen klarar å sjå litt både aust og vest når me passerer dei nydelege sunda, bruene og alt i området på veg ut i havgapet. Dette er ein tur som absolutt er verdt å sykla saman med ein venegjeng, bare for å nyta, ta seg tid til bileter, og ikkje minst tid til å bare sjå, nyta og slappa av.
Flyten i gruppa ut mot Brandasundet er hundre gangar betre enn dagen før. Heldig som eg var så havna eg saman med Lisa som satt i gang fleire sangar. Me sykla forran Bergliot og Signe som var i full gang med å komponera ein eigen Team Rynkeby God Morgon sang for Haugalandslaget. Smilet sat laust.
Me stoppa ei lita stund i Brandasundet. Turen gjekk ikkje ned til «Nillo» på skjæret, men vidare ut til Johnsen. Det vil seie, dei fleste stoppa i rundkøyringa rett før. Lagbilete vart teken, nokre filma, nokon intervjua, andre hadde fokus på matinntak, teknisk og drikka.
Gruppa sykla tilbake same vegen, og satte kursen mot Innvær der service sto og venta på oss. For ein gjeng, for ein service, for ein glede og venlegheit. Eg slit med å finna ord, for dette er ikkje nokon som bare utfører ei oppgåve, dette er nokon som brenn for det dei er med på, det er folk som verkeleg ynskjer oss alt godt, og at me skal klara dette med helsa i behald. Tusen takk til alle dykk som er med og bidrar til at me kan klara å sitta på sykkelen time inn og time ut. APPLAUS!
Vidare sykla me mot Rubbestadneset og Rolvsnes. Det virka som nokre i gruppa hadde fått bensin i blodet. Energien var på topp og humøret enda betre.
Det var ei stolt gruppa som sykla tilbake og satte kurs mot Halleråker. Endeleg i mål etter ei utruleg helg der mange har imponert stort på kvar sin måte. Nokon med ein styrke, nokon med ein eigen evne til å halde ro i gruppa, andre viser eit fantastisk pågangsmot uansett sykkelerfaring og styrke og nokon har ein eigen evne til å spre godt humør. Summen av dette må bare bli bra.
Roy Martin, Liv Johanne, Peter og meg sjølv avslutta turen med å sykla ut til Hiskjo. Tempo var høgt og me tråkka godt. Ein veldig kjekk og fin avslutning på enda ein flott sykkeltur.
Helga vart avslutta inne hos vertskapet Torunn og Lars. På menyen stod det betasuppe, noko som var ufatteleg godt etter nok ein dag på hjul. Samtalane gjekk laust rundt bordet og det var tydleg at gruppa hadde knytta gode bånd på denne korte tida.
Eg satt kursen i retning Fitjar. Det skulle bli godt å sjå mi kjære kåna og mine to fantastiske soner.
Tusen takk alle samen. Tusen takk til Torunn og Lars for måten de tek i mot oss alle, det var ufatteleg kjekt og interessant å verta kjent med dykk. Eg veit eg ikkje har fått sett Bømlo Hjarterom, men måten de har tatt i mot oss gir meg ei beskriving av kva eg trur dette går ut på. Tusen takk.
Til alle de som har vert med å organisera, service, syklistar og alle saman. Eg gler meg veldig til å verta enda betre kjent med dykk, og ikkje minst til eventyret vårt på hjul til Paris. Saman er me knallgode!
Det var ein stolt Stian som la seg om kvelden etter første turen i dei nye Team Rynkeby klæra, eg hadde ikkje trudd at eg skulle kjenna slik på det, men det satt djupare i meg enn eg hadde sett for meg. Det var ein stolthet blanda av teamtilhørighet, men i størst grad fordi det gav meg ei påminning om kva eg skal vera med på i sommar. Eg får frysningar når eg ser deltakarvideoar frå tidlegare, her finst det mange sterke og rørande historiar.
Dansken frå Fossdal med familie hadde invitert til fjelltur, og me takka sjølvsagt ja. Er det noko eg set pris på så er det ein tur ut i friluft saman med familie, venner og andre folk eg er glad i. Turen saman med Fossdølingane skulle ta oss innover fjellet mot Store Eitlandsvatnet. Påsken i år har rett og slett blitt ein aktiv påske for store og små.
Turen opp til Store Eitlandsvatnet var ein tøff tur for dei minste, det starta med ein bratt stigning på ca 120 høgdemeter, før det vart flatare innover i heio. Rikke imponerte og haldt stø kurs oppover og var sterk som bare det. Bakken vart tøff for Lucasguten som starta med friskt mot, men åpna nok litt hard som mange pleier å sei. Humøret kunne ingen ta frå han. Med litt bærehjelp frå onkel Bjørn Erik, samt pappa Stian, begge med meis og kvar sin gut på ryggen, så kom me oss opp.
Været var som resten av påsken, rett og slett fantastisk. Lucrezia fekk endeleg sin første tur på sti i Noreg, og såg ut til å nyta tilværelsen. Kjekt. Inne ved vatnet sat me tre familiar, ungane lekte i ein båt som låg i stranda, vaksne sat å slappa av, haldt kontroll på dei små og nytte ein kopp kaffi mens pølsene vart steikte på ein medbrakt gassgrill. NYT.
Turen vart avslutta hos Hilde og Bjørn Erik, der me grilla på ny. Ungane lekte å koste seg. Sverre stakkar var heilt utkjørt og sovna som ein stein i Rikke si seng.
Lørdagsmorgon sat eg meg på sykkelen som planlagt. Dette var dagen for ein langtur i fjella. Beina kjentes friske ut, temperaturen var litt kjøligare enn forrige tur, men det låg an til å verta betre utover dagen. Planen var å fullføra ein runde eg har sykla ved to anledninger tidlegare, men aldri aleine. 11-12 mil venta over fjell, ved sida av vatn, gjennom dalføre og ein fantastisk natur.
Første hindring var Lilandsbakkane frå Skåland. Det er passeleg bratt og langt oppover. Utsikten er det ikkje noko å sei på. I bakgrunnen har du Lundevatnet, før du får Fagervatnet på venstre side på veg oppover. Det var eit nydeleg skue i det vindstille landskapet. Det var lite bil og rett å slett ein fryd å sykla i fuglekvitteret langs vegane. Mydland vart passert før ein kom nedover mot Sokndal. Av erfaring visste eg at det er lite moglegheitar for påfyll av mat og drikke undervegs, så eg stoppa på ein bensinstasjon og fylte opp flaskene og kjøpte litt meir proviant.
Turen vidare gjekk inn mot Rekeland, forbi Barstadvatnet og vidare innover mot Grøsfjellvatnet. Det er vanskeleg å beskrive kor fint det er å sykle aleine når du kan speile deg i vatna rundt. Du kan sjå den fantastiske naturen som eit nydeleg speilbilete. Vel nede på Helleland starta turen oppover mot Sirdal og enda fleire stigningar. Fallretninga på elva langs vegen fortel alt om kva som møter deg av bakkar. Heldigvis er det forhaldsvis slakt oppover i store periodar, men beina mine begynte fint å mørnast litt, provianten og drikka vart drastisk redusert på veg oppover. Fylkesgrensa vart passert og det gjekk seigare og seigare med meg, men pågangsmotet var på plass. Eg prøvde å porsjonera ut restane. Maten var eg tom for, men eg hadde litt powerrade og vatn igjen når eg skulle starta på stigninga ved Bjørnestad. Turen oppgjennom dalføret og inn i Sirdal kommune er eit vakkert skue, men ein sliten Torland sleit litt med å nyta synet, og fokuset gjekk meir og meir på korleis ein skulle fordela kreftene når en var tom for mat og drikka.
Ved toppen på Bjørnestad vart det ein liten pust i bakken. 2,7 mil igjen til Moi. Eg bestemte meg for å kjøra på. Eg veit eg er seig nok til å tyna kreftene når det gjeld. Snittfarten klarte eg å auka på veg mot Moi, men eg hadde ikkje mykje igjen. Det vart mindre bildetaking, og fokus var på kvart einaste tråkk. Tråkk for tråkk, meter for meter.
Endeleg framme i tunet hos svigers. Eg var ikkje mottakeleg for så mykje snakk. Eg registrerte at dei spurte om eg klarte å halda meg utan mat fram til middag……Her var det bare å ta saken i eigne hender. To skåler havregryn dynka i sukker vart mitt svar på det. Middagen 30-45 minutt seinare gjekk fint ned den også. Resten av kvelden var eg fint stille, trøtt og døsig.
NOK EIN PÅMINNING OM VIKTIGHEITA AV MAT OG DRIKKE….
I skrivande stund set eg her å tenker tilbake på ein fantastisk påske. Eg har nytt tida saman med familie og folk eg er glad i. I dag har eg hatt Sverre i bæremeisen, og me har gått opp til Naså saman med Lucrezia. Ein fine tur med ein livleg Sverre vart ganske morosam til tider. Lucrezia imponerte og kom seg fint opp. På toppen vart det litt Facetime med Lucas og Lillian, samt ein Facetime til Paolo (pappaen til LU) i Italia.
Håpar de alle har hatt ein fin påske, det har vertfall me. I morgon går turen heim igjen til Fitjar. Alltid kjekt på tur, men alltid godt å koma heim igjen også.
Påske for meg er familietid, ut i naturen og forhåpentlegvis nyta dagar i fint vær med mine kjære. Denne påsken er ingen unntak, einaste forskjell er at eg i tillegg skal trena til turen saman med Team Rynkeby God Morgon mot Paris i sommar.
Påsken starta med at Lillian og Lucrezia reiste til Oslo for å oppleva hovudstaden vår på nært hald. I tillegg skulle Lucrezia få besøk av bestevenninna hennar. Eg og gutane hadde bestemt oss for å at me skulle ha litt kvalitetstid saman med bestemor og besten.
Fredagen tok eg fri frå jobb for å få meg ein lengre sykkeltur, turen gjekk mot Langevåg på Bømlo. Det vart ein fine tur som eg i stor grad sykla saman med ein frå Sagvåg som eg traff undervegs, aldri møtt han før. Kjente at det var på tide å få ein tur på denne distansen, godt å verta minna på viktigheita av matinntak og liknande.
Laurdagen for me opp til gapahuken med Kidnavatnet i midtfjellet. Med oss vart bestemor, besten og oldemor. For ein fantastisk tur det var. Gutane storkoste seg. Dei sprang rundt i området, fekk oldemor til å hoppa paradis og springa rundt. På bordet sto det kaffi, kakao, frukt, sjokolade, skjeva og skinkeost, kva meir treng ein for å kosa seg til fjells på fine dagar som dette. NYT. Dagen avslutta me med overnatting i Steinabrekko hos bestemor og besten, gutane la seg fint, biffen vart servert av mi gode mamma, etterfulgt av ein tur i boblebadet.
Søndagen var ingen forskjell. Same gjengen samla seg til fjells. Det var litt kaldare vind i lufta, men me klarte fint å kosa oss nokre timar uansett. Ein fantastisk start på påsken.
I dag er det torsdag, eg set i godstolen på Moi og skriv ein liten oppsummering av påsken så langt. Me kom til svigers i går, nytte kvelden saman med gutane. Dei fekk seg ein tur ned til sauene som var godt i gang med lambinga. Lucas var i sitt ess, han ville halda, klappa, kosa og kyssa. Sverre starta tøft ut, men vart raskt litt usikker då sauene var sultne og litt høglydte. Han prøvde seg på ny etter dei hadde fått litt for, det gjekk litt betre.
Planen i påsken er å få seg nokre sykkelturar innimellom, helst slik at det ikkje skal gå så mykje utover tida samane med gutane våre. I dag satt eg meg på sykkelen når Sverre hadde kvilda si. Eg henta Team Rynkeby klæra på vei til Moi, endeleg skulle eg også få sykla i full Rynkeby bekledning.
Turen gjekk frå Moi og til toppen på Bjørnestad. Det var ein fantastisk tur oppgjennom dalføret, og opp stigninga mot slutten. Naturen, det stille vatnet, den klare elva og all fuglekvitteret, kva meir kan ein be om. Temperaturen var fin og eg nøyt kvar meter. Eg har ikkje ord for kor stolt eg følte meg av å sykla med den nye bekledninga. Det er ei stor æra for meg å kunna vera med å bidra til ein så viktig sak som dette. Eg smilte frå øyra til øyra.
Resten av dagen har me kost oss saman med gutane, me har vert ute å lekt og nytt finaværet. I morgon ventar ein tur i heio med Hilde, Bjørn Erik, Rikke og Adrian. Det blir ein kjekk familietur.
Det er ein sur og kald morgon, ungane er levert i barnehagen, Lucrezia er kjørt til bussen og eg set her i stolen med fyr i ovnen, litt fin musikk, kaffi i koppen og nyt utsikta. Så priviligert er eg, så priviligert at eg kan sitta heima med ei god kjensle, samt med ein visshet om at mine kjære har det bra.
Livet kan snu kva tid som helst. Eg huskar enda når eg satt meg ned i stolen min på jobb hos Austevoll Kraftlag i 2003. Telefonen kom. Eg fekk vite at bror min hadde vert i ei møteulykke, bil mot moped, han på mopeden. Eller når eg skulle ha min siste bowlingkveld med jobben i Stavanger i 2005. Våkna opp på sjukehuset med kutt i hovudet, samt to brudd i ryggen. Livet kan snu kva tid som helst, me må leva når me kan!
Starten på det nye året vart ikkje heilt som forventa. Nyttår feira eg i ei seng på Stord sjukehus, vel vitande om at eg helst sku vert heima med min kjære familie. Heldigvis var det noko som kunne behandlast denne gangen, så eg var heime igjen etter fira netter.
Eg kjenner at det gir meg så mykje å kunna gjera noko for å støtta ei så viktig sak som Team Rynkeby syklar for. Hvis eg kan bidra til at nokon kan få smila litt meir, litt oftare, at nokon får eit betre liv, eit forlenga liv, eller kanskje til og med vert heilt frisk… Då vil eg vera glad!
Ynskjer du å støtta Team Rynkeby sitt bidrag til Barnekreftforeningen, klikk inn på denne lenka.
Motivasjonen min for treninga har endeleg tatt seg opp igjen. Eg trenar jevnleg og gledar meg veldig til det vert sykkelvær ute. No er det to store mål som står for tur, og sjølvsagt nokre delmål på vegen. Trondheim-Oslo vil alltid vere ein utfordring, i år vert det ein oppleving eg skal ha saman med Lasse, eg både gler meg og gruar meg samtidig.
Ei veke seinare skal eg setta meg på sykkelsetet saman med Team Rynkeby for å sykla til Paris. For ei oppleving det kjem til å bli. Eg gledar meg til å bli meir kjent med gruppa, det er sjølvsagt ei utfordring når eg bur og trenar på Fitjar, og dei i Haugesund, men det skal me få til.
Livet mitt har bestått av mange periodar, periodar eg aldri ville ha byta ut, men kanskje løyst nokon litt annleis. Periodar frå eg var liten og ikkje skjøna kva utfordringar livet kunne by på, periodar der mopedkøyring var viktigare enn fotballen, samt periodar der festing i helga var vekas høgdepunkt.
Ja det har vert mange periodar i livet, og fleire kjem det nok. I dag set eg her med Lucas og Sverre som leikar rundt meg, mi kjære kona Lillian ligg nede å søv, det same gjer 17 år gamle Lucrezia, vår kjære utvekslingsstudent frå Italia. Morgonkaffien er allereie i koppen, gutane har fått klede på seg og ete frukost. Det vert travle dagar, dagar som går i rutinar frå morgon til kveld, med unntak av helgane, samt tidsrommet etter jobb til leggetid for ungane.
Eg ville aldri i mitt liv ha bytta ut denne tida. Ei tid der eg vert vekka på natta, eller på morgonen….PLAGSOMT er det lett å tenkja, heilt til ein reflekterer litt over det. Gutane roer seg på natta når eg kjem, dei søv godt vidare. Om morgonen så ynskjer dei min merksamheit fordi dei er glad i oss, sidan me er tryggleiken i deira liv, og har lyst til å tilbringa tid saman med oss. Det er litt av ein tillitserklæring. Livet er fint, eg har dei eg er glad i rundt meg, eg har moglegheit til eigentid i form av trening og aktivitetar.
Team Rynkeby God Morgon ringte meg ein dag i sommar, eg hadde eigentleg gløymt at eg hadde sendt søknaden om å få delta i prosjektet deira for å samla inn pengar til barnekreftforeninga ved å sykla frå Oslo til Paris. Dei ynskja å ha meg med i gruppa si.
Mange tankar har svevd rundt i hovudet mitt etter at eg takka ja. Tankar om korleis eg vil handtere samtalar med dei som er direkte berørt, dei som fortel historier som er sterkare enn ein klarar å førestilla seg. Eg er ikkje redd for syklinga, men eg er litt redd for det faktum at eg ikkje er redd for syklinga, vil det gjere meg lat i forhald til treninga, vil det få meg til å tenkja at dette går bra, men så ender det opp med ein kjempesmell?
For nokre veker sidan så fekk Lasse Grov meg til å sei ja til å delta på Trondheim-Oslo 2019. Dette er ei veke før turen til Paris. Trondheim-Oslo er ein distanse eg alltid kjem til å ha respekt for, det er ein distanse eg er redd for uansett om eg har fullført den tidlegare, det er så mange faktorar som spelar inn. Men ein ting er sikkert, ein må trena, trena og trena for å klara dette.
I ein familie på fem, der to er små, så vil det alltid vera eit spørsmål om tid. Kveldar må nyttast, samt tida før jobb om morgonen. Restitusjon kan vere ein fin tur i mølleparken med familien, eller ein tur rundt her i Rossneset. Det er mange måtar dette kan løysast på. Fakta er uansett at dette kjem til å hjelpa meg med mitt hovudmål her i livet, nemleg å ha energi eg kan gi til dei som betyr noko for meg. Det å ha overskot i ein travel kvardag, etter ein lang dag på jobb, det å kunna nytta dei timane før leggetid i vekedagane aktivt og ikkje minst å nytta helgane til kvalitetstid er viktig.
Mine tankar kring deltakinga i Team Rynkeby 2019 er at ved å halda meg i form så vil eg kunna gi meir til min familie, samt at eg vil kunna bidra med å setja fokus på, samt samla inn pengar til ei så viktig sak som barnekreftforeninga står for. Me kjenner alle nokon som er berørte av denne sjukdommen, nokre nære, nokre i vennekrinsar og nokre i nærleiken. Dette er noko som ingen ynskjer at nokon skal verta utsett for, difor er det så viktig at me bidrar med det me kan for at fleire skal få moglegheita til eit betre liv, eller forhåpentlegvis verta heilt friske.
Ynskjer du å bidra, så kan du det ved å klikka på lenka her: Team Rynkeby God Morgon 2019, og hugs, alle bidrag, små som store har ei betydning.