Team Rynkeby – God Morgon Haugaland fullførte Haugesund-Sauda

IMG_2883

Tida flyr og Paris nærmar seg med stormskritt. Dette er noko ein kan merka på fleire i gruppa. Haugesund-Sauda stod for tur i helga og det var ein spent gjeng som stillte på startstreken.

Mengdetreninga til dei fleste aukar i stor grad nå når tida flyr i retning avgang Paris. Nervøsiteten er til å ta og føle på hos mange, både rutinerte og hos dei som er debutantar når det kjem til slike distansar. Samtidig så kan ein sjå eit lagsamarbeid utan like, alle støttar alle, det er fantastisk.

Det er tid for Haugesund – Sauda: Kjør film

VIDEO: Knut Widar Storesund

Team Rynkeby – God Morgon Haugaland trilla ut frå start i rekordryddige rekker, aldri har årets Haugalandlag sett så bra ut som i dag, for ein start. Det gjekk i eit forrykande tempo og me hadde 31,6 i snitt første 5Km, 28,8 i andre og heile 34,9 i snitt på tredje 5Km. Det er nesten som ein kunne vurdert å halde litt igjen for å ikkje sprengkjøre feltet vårt, men det virka som gjengen hadde det kjekt, var fokuserte, og verkeleg kjente på rittmodusen som Leif Erik Bystrøm inviterte folk inn i frå start.

Stemninga i laget var høg. Kaptein Jammi var optimistisk og såg ut som han koste seg.

Sjå dei rekkene, sjå kor fantastisk det ser ut. Kanonbra!

Tankane mine gjekk i periodar mot turen me har i vente. Dette gav ein god bekrefting på det me har snakka om i fleire omgangar, rett og slett at ting går seg til, gruppa vert sterkare, meir samkøyrte og det som høyrer til.

Det er tydeleg at mange veit kven me er, og at Team Rynkeby – God Morgon er noko som har vert synleg i lengre tid. Langs løypene stod det folk som heia og ropte fine ord. Når me passerte Sandeid stod det kjente ansikt. For ein fantastisk gjeng me har i service, dei gir alt for at me skal halda humøret oppe, for at alle skal føla eit samhald, og at det me jobbar med betyr noko. Sjå under kva dei sjølv skreiv:

Jill Arlen Tollessen Skogerbø: Skikkelig klare for å heie på Team Rynkeby Haugaland på vei til Sauda i dag. Bakketoppen etter Våg ble bestemt som «heiested»-men da vi nærmet oss ser vi rompene til de gulkledde forsvinne…! Vi kom for sent 😳 Men med bilen full av flagg, banner og Rynkebykledde barn kunne vi jo ikke gi oss med det! Holdt på å si at vi la oss på hjul etter dem. Men med laaaang bilkø som ikke akkurat gikk fort, ble det ikke bare lett å ta dem igjen. For ikke å snakke om å komme forbi 😂 Men vi klarte det til slutt! Men det var ikke før vi kom til Sandeid….! 🤪Må ikke komme her å si at vi ikke gir alt iallfall! Kjempestolt av hele gjengen som kom seg til Sauda 
<3 Paris neste! <3

Publisert av Jill Arlen Tollessen Skogerbø Lørdag 25. mai 2019
VIDEO: JILL

Turen gjekk vidare innover mot Vikedal og gruppa holdt framleis godt samla og ein god fart. Nokre tekniske utfordringar hadde me undervegs, men sterke rytterar slapp seg ned og hjalp med å løysa problema, samt å dra inn gruppa igjen.

Det var ein seig bakke opp til Hogganvik der rittet hadde sin matstasjon. Me stoppa for ein «tissepause» 100 meter forbi. Samtidig såg me rittbilane passerte, samt politieskorten, nå kjem teten. Me plasserte oss fint i sida av vegen. Nokre på sykkelen, og nokre (LES: Lisa) fant ut at me måtte halda humøret i gruppa oppe og tok fram litt akrobatiske kunstar og tok ein salto med sykkelen ned skråningen. Tipp topp, tommel opp. Ho var lynrask med å visa at ting hadde gått fint. Med litt hjelp så var ho oppe igjen og heldigvis i god form, det same gjaldt sykkelen, så Lisa var klar og motivert for ein vidare tur mot Sauda.

Etter Hogganvik startar verkeleg det kupperte terrenget i Haugesund – Sauda rittet. Det er fantastisk å høyra at det er så godt humør i gruppa. Bakkane legg me bak oss som aldri før. Høyrer du godt etter så høyrer du tonane av synging i dei midtre rekkene. I dei bakerste rekker høyrer du Torland sjølv mimrar tilbake til Nordkapp-Lindesnes turen saman med brodern.

Ja så e det på’an igjen
På’an igjen
På’an igjen
På’an igjen

Sidan Torland er litt blidare enn melankolske Jan Eggum, så går denne sangen sjølvsagt med eit smil om munnen og litt lått og løye i kvar bakke me møter.

Steminga er på topp og rekkene ser fantastiske ut når me flyt innover mot Sauda sentrum. Kaptein Jammi roper høgt inn mot feltet.

Kjør samla, det ser så bra ut!

Publikum stod å jubla når laget kom syklande innimellom sperringane. For ei stemning, for ein følelse, dette er GULL. Kvar ein bakke er verdt det. Tenk å fullføra samla, kanonbra. Farten har vert god heile vegen.

VIDEO: Atle Wigum

Publisert av Peter Dirksen Lørdag 25. mai 2019

Eit stolt Team Rynkeby – God Morgon Haugaland stod i målområdet med store smil om munnen. Det var tydeleg at det var ein fornøgd gjeng.

Etter ei stund i målområdet med kaker, kaffi, saft, smil og bileter så satte me kursen opp mot Svandalen og der me skulle overnatta.

Følelsen av ein fantastisk god og varm dusj går nesten ikkje an å beskriva. Vertfall ikkje etter bakkane opp Svandalen, for dei er jaggu meg hardare enn Haugesund – Sauda tilsaman.

Me hadde ein fine kveld saman. På menyen stod det grillmat. Ein fantastisk god og velfortjent grillmat.

Tusen takk for ein fine tur alle! Søndagen vart det retur til Haugesund, med innlagte omvegar. Det les du om litt seinare! 🙂

På gjensyn!

Skrevet av Stian Torland

Elsker turer, utfordringer og fysiske aktiviteter. Har gjort det til ein livsstil å utfordre andre til ting de normalt ikkje ville gjort. Driver Challenge4you.com som er et nettsted som skriver om turer, eventyr og utfordringer. Mine fullførte utfordringer og hovedmål: *Nordkapp-Lindesnes: 2700Km, tid: 18 dager - 2011 *Danmark-Italia: 2500Km, tid: 18 dager - 2012 *Trondheim-Oslo: 542Km, tid: 22t 55m - 2013 *The Iron Curtain Trail: 10000Km, tid: ca 4mnd - 2014