Følelsane eg kjenner på om dagen er annleis enn før, tenk at min kjære familie skal få ta del i eit av mine eventyr, gutane mine skal få bli med og sjå pappa på sykkeltur gjennom delar av Europa. Det er eit eventyr i seg sjølv, eit stort eventyr.

Eg sit her i skrivande stund og tenkjer over kva eg er med på. Det er så lenge sidan eg har vert i ein slik modus. Det er ikkje mange dagane til me set avgårde. Kva oppleving er det eg er med på, kva følelsar kjem til å komma undervegs. Det er mange spørsmål eg sit med, spørsmål det er umogleg å få svar på før ein opplever det som skal skje. Det som er heilt sikkert er at det vert ei oppleving, det kjem til å verta følelsar i sving som ein aldri har kjent på før. Samhaldet i gruppa har vokse seg stort. Eg kjenner at eg vert meir og meir glad i gjengen eg skal ut på tur med.

Viktige datoar for dykk som ynskjer å følgja med:

  • 27.06 – Oppstart Rådhusplassen i Oslo
  • 28.06 – Offisiell start frå København
  • 06.07 – Målgang Paris

Framgangen til gruppa har vert stor. Eg hugsar godt dei turane me hadde på Bømlo. Fantastiske dagar med ein fine gjeng. Humøret var godt uansett vær. Flyten i syklinga var fraværande i byrjinga, men ein såg raskt ein framgang allereie første dag, enda betre dag to.

Sist helg var eg med å sykla frå Raglamyr, via Vikebygd, Ølen, Sandeid og tilbake til Raglamyr. Det var ein fantastisk dag på sykkel. Flyten i gruppa var ikkje til å kjenna igjen frå bømlahelga. Litt tekniske feil var det på syklane, men eg håpar dette løyser seg hos dei fleste innan me skal reisa avgårde.

No har eg sendt avgårde mine kjære. Eg har stort sett kontroll på pakkinga, det er sykkel og sykkelutstyret som må klargjerast. I morgon reiser eg til Haugesund for å pakka syklar saman med resten av laget.

Torsdag er dagen for avreise. Eg gler meg stort. Håpar de ynskjer å fylgja med oss nedover.

Følg meg:
Lik Challenge4you.com på Facebook for å følgja med på innlegga underteikna legg ut. Dei vil lenka til denne sida når det vert publisert noko.

Følg Team Rynkeby God Morgon Haugaland:
Instagram: Teamrynkebyhaugaland
Snapchat: Teamrbhaugaland
Facebook: https://www.facebook.com/teamrynkebyhaugaland/

På gjensyn! 🙂

nn_NONorwegian
nn_NONorwegian