Deltakinga mi i Team Rynkeby har vert eit eventyr frå ende til annen. Eg hugsar enda når telefonen kom. Det gjekk ca 2-3 minutt før eg skjøna kven eg snakka med. No ca 10 månader etterpå har eg fullført turen til Paris med gjengen. Det er heilt sprøtt.

Det er omtrent 2,5 veker sidan me sto på startstreken på Rådhusplassen i Oslo, for ein følelse det var. Eit folkehav og eit kjempeshow. Det kribla i magen der eg sto som deltakar, som trekklagskaptein og førstereisgutt med det nyoppstarta laget, Team Rynkeby God Morgon Haugaland. Ekstra kjekt var det sjølvsagt at eg fekk kjentsfolk på besøk, tusen takk Steinar og Elisabeth! 😊

Det var ei spent, men god stemning når me trilla ut frå Rådhusplassen i retning Ingjerdstrand. Følelsen av å sitta i frontrekka for Haugalandslaget var spesiell. Følelsen ein får når ein ser på publikum kva dette faktisk betyr, og ikkje minst på alle deltakarane. Syklar med bilete av ungane på ramma. Tårer i augene, smil om munnen og eit hav av andre følelsar. Dette er den beste måten eg klarer å beskrive kva dette betyr, og korleis dette føltes.

Utanfor danskebåten stod me saman med vårt fantastiske service team. Ungane stod klar med Antibac, og det var tilgang på forskjellige goder som kunne gi oss litt energi før me skulle ombord. Eg sat med blanda følelsar når eg for ombord på båten. Det var ufatteleg godt å komma i gang, men samtidig så var det i morgon det verkeleg skulle starta, dette var jo bare starten på starten. Det var ingen fysisk prøvelse. Me var ikkje i gang med å køyra som eit lag med den flyten me hadde øvd på i månadar. Likevel sat eg med ein god følelse. Eg var på tur med den gjengen eg skulle tilbringa tid saman med i ei god veke. Det føltes godt!

København var startpunktet vårt. Saman med eit eller to andre Rynkebylag kjempa me ein iherdig kamp med alle kineserane om å komma først av båten. Det var ein kamp me eigentleg var dømt til å tapa, men saman er me sterke, og jaggu kom me oss først av båten, for ein start på dagen, allereie slått kø-snikar nr 1.

Oppstilling vart det ropt av Kaptein Jammi. Stemma bar godt. Laget vart lest opp av Liv Johanne, og alle stilte opp deretter. 2 fine rekker… Alle klare? Me triller. Allereie første meter vart det innkøyringstrøbbel, ei rekke på fortau, ei i vegen. Det tok heldigvis ikkje lange stykket før dette ordna seg.

Oppstilling!

2 fine rekker!

Alle klare!

Me triller!

Hald høgre!

HALD HØGRE!!!!!

Me sykla innom rikshospitalet for eit bilete. Me var veldig klar over at me ikkje kom til å rekka nokon av arrangementa i København. Laget sykla i rykk og napp gjennom byn. Røde lys, splitt i laget. Likevel var me samla nok til at me kom oss forhaldsvis velberga ut av byen. Me hadde diverre eit uhell rett før eine stoppen vår. Det gjekk heldigvis tålig bra.

Værmeldingane viste at me skulle ha solide temperaturar på veg til Paris. Mange dagar mellom 25-30 grader, men nokre dagar skulle det bli rundt 40 grader. Det er varmt det.

Det var mange som imponerte meg allereie første dag. Mykje grunna tidspresset me hadde for å rekka ferja til Rostock, og ikkje minst at dei stod på utan å klage seg i varmen. Mange hadde heldigvis smurt seg god niste, noko dei hadde godt av på vegen.

Vel framme på hotellet i Albertsdorf møtte me service teamet igjen. Musikken frå popanlegget skapte stemning, og det var ein trøtt gjeng som måtte i gang med klargjering av utstyr til morgondagen. På dagar som dette er det ubeskriveleg å komma til ferdig innsjekka rom. Tusen takk service!

Dag 3 skulle ta oss vidare frå Land-Gut Hotel Herman i 40 grader, gjennom 220Km til Egestorf. Mange hadde fått med seg kva temperaturar me skulle møta. At det skulle verta så krevjande som det vart i varmen trur eg det var eit fåtall som hadde sett for seg.

Det er godt me har ein så rutinert kaptein som me har. Kravet om å starta 07:10 kvar morgon er det mange som har sett svart på. Men fakta på bordet er at dette er noko av det smartaste som har vert gjort. Det er gull verdt å få trilla så mange Km før varmen verkeleg slår til.

Dagen starta som alltid når ein syklar ut frå ein by eller tettstad. Rykk og napp. Røde lys står i kø, men likevel så flyttar me oss greit. Fokuset på inntak av veske og mat er høgt allereie frå morgonen av. Nokon betre enn andre, men det er ikkje alltid lett, og det skjønar eg veldig godt. Viktigheita av å vera lagspelar er stor, her trengst det påminning, og kanskje til og med hjelp til tider.

Personleg er dette ein litt spesiell etappe for meg. I løpet av dagen skal me passera Lauenburg. Dette er ein liten del av «The Iron Curtain» ruta mi. Hjarta banka litt raskare når me sykla på brua over elva. Eg kjente meg igjen, hugsa kva syklistar eg snakka med og ikkje minst kvar eg overnatta. Gode minner, veldig gode minner.

På dagar som dette kan ein ikkje få takka service nok. Makan til jobb dei har gjort for at me skal ha tilgang på alt det me treng. Knerten i følgebilen vår var over på dosering av vatn for at alle skulle få like mengder. Dei har køyrt frå tettstad til tettstad for å få tak i meir vatn, og enda med å ringa på eit privat hus for å få fylla dunkane. TUSEN TAKK!

Ein skal ikkje undervurdera varmen. Å sykla 220Km i 40 varmegrader er på grensa til galskap. Erfarne eller rutinerte her har nesten ingen betydning. Her står det på kva ein klarer å tilføra kroppen av mat og drikka. Eg føler meg trygg på at eg drakk over 10 liter veska, men var kun ein gang på do. Skremmande.

Vel framme på hotellet var det ein stolt gjeng, ein sliten gjeng. Å fullføra ein dag som dette står det respekt av. Eg er stolt øve kvar og ein av dykk!

Liten videosnutt av meg og Henning som laga litt show av hans nattlige lydshow.

Lyst å sjå dinna fine snutten om kven som vant kampen om å sova? 😂

Publisert av Challenge4you.com Søndag 30. juni 2019

Neste dag skulle temperaturen heldigvis vera litt betre. Ca 10 grader ned. Turen var planlagt frå Hotel Hof Sudermullen og 204Km til Akzent Hotel Surendorff.

Viss me skal namngi dagane, så er namnet for dagen: Tissepausedagen. Gjengen var rutinerte etter gårsdagens 40 gradersoppleving, og drakk tilsvarande mengder. Me hadde ikkje trilla meir enn 10Km før me hadde første tissepause. Ja her snakkar me om kva som helst.

Pensjonisten å Pinglå

Luxury ass cream

Vondt i Ti****

Ja eg skal ikkje dra da lenger. Ynskjer du å veta meir om kva informasjon som vert delt kan du søka om deltaking for 2020 her: https://www.team-rynkeby.no/team-rynkeby/soek-om-deltakelse.aspx

Etter ein dag med mykje stopp, men flyt i mellom stoppa så var me framme på hotellet. Syklane vart parkert i garasjen og alle gjorde seg klare til middag. Før middagen byrja viste det seg at me fekk celebre gjester. Her kom sjølvaste Kenneth Baltzersen, Country manager for Team Rynkeby God Morgon Norge, og hans fanstastiske foto og videoteam. Det viste seg at han skulle sykle med oss på den neste etappen. Spanande.

Den neste etappen var ekstra spanande for meg. Eg visste at dette var dagen der eg endeleg skulle møta min fantastiske familie igjen. Om dei kom til lunsj eller på hotellet var framleis usikkert, men uansett…Dette var noko eg gleda meg til.

OPPSTILLING, TO FINE REKKER! ALLE KLARE 07:00, PRESIS!

Klar tale under møtet før dagens 175Km lange tur til Kalkar Kehrum. Aldri før har Haugalandslaget vert så tidleg klar. Det har alltid drøyd nokre minuttar her, nokre minuttar der. Ynskjet om at det nykomponerte laget skulle imponera Country manageren stod tydlegvis høgt på lista.

Laget trilla trygt og godt ut på vegen. Service sperra vegen så det skulle vera ein grei start. Flyten starta allereie den første mila. Antydning til medvind, men også ein sterkt motivert gjeng var medvirkande. Humøret var fantastisk i gruppa. Det var både sang, vitsar og lagrop som runga ut i det tyske landskapet når me fløyt gjennom dei fantastiske områda, tettstadane og inn til første pause.

Sjefen sjølv virka nøgd, då tenker eg på Kaptein Jammi. Det er han me skal gjera nøgd. Er han nøgd, er Kenneth nøgd. Det var god steming på lunsjstoppen. Livestreamen til Tommy i service gjekk som vanleg. Eg køyrte min egen på Challenge4you.com si Facebook side, og fekk eit herleg øyeblikk saman med Country manageren sjølv.

Publisert av Challenge4you.com Tirsdag 2. juli 2019

For ein flyt, for ein dag, for ein mat, for ein etappe. Haugalandslaget har aldri tidlegare hatt ein snittfart som dette. Det må seiast å vera den rette dagen å visa kva me kan.

Hotellet i Kalkar Kehrum var 400 meter unna. Eg ropte fram Kenneth på radioen. Han skulle vera den første som sykla i mål når me trilla inn. Eg var så fokusert på oppgåva at eg vart heilt satt ut når eg såg gutane mine, kåno og mamma stod på sidelinja når me sykla dei siste metrane. Eg la sykkelen fint frå meg og sprang det eg kunne på dei skamstive sykkelskoene. Følelsen av å sjå familien komma springande mot meg med eit smil kring munnen er ubeskriveleg. Følelsen av å få begge gutane hengande rundt halsen tør eg ikkje begynna å beskriva ein gang. Følelsen av å sjå kåno mi komma grinande mot meg var så sterk.Det samme når eg såg mi fantastiske mamma. Dei har begge vert med på sykkeltur tidlegare, det er stort, ubeskriveleg stort!

Eg føler meg ubeskriveleg priveligert som får lov til å oppleva dette saman med ein så fine gjeng som Haugalandsgjengen er. Når eg i tillegg kan starta ein etappe med ein klem frå mine to fantastiske gutar, samt eit kyss frå kåno, då er alt på plass for ein god dag på hjul. Dagens etappe rullar frå Kalkar Kehrum, gjennom Nederland og inn i Belgia, og heile vegen til eit veldig flott hotell i Liege.

Naturen me syklar i er fin. Flyten og rekkene held seg på eit høgt nivå og me set ein stø kurs mot Liege. Me har god hjelp kvar einaste dag av Knerten, vår fantastiske følgebilsjåfør. Det er uvurderleg, det er ikkje alle som får med seg kva rolle han har, men det er mykje farlege situasjoner som vert avverga grunna hans rolle. Tusen takk!

100Km og det flyt framleis godt. Me syklar inn i Nederland med godt humør og stø kurs mot Liege. 134Km er gått og me har eit uhell. Alt går heldigvis godt, og me er samla lag igjen ei stund etter. Uhell set alltid ein liten støkk i laget, og det tek ei stund før ein får flyten tilbake. Me kom oss samla inn til Liege. For eit fantastisk flott hotell.

Det ber sakte men sikkert mot slutten. Du merkar det på heile stemninga i gruppa. Det er ein sliten gjeng. Dei uhella me har hatt har stort sett gått tålig bra, men dei sett ein støkk i gruppa. Det er uansett ei gruppa med godt mot, godt humør og eit fantastisk smil om munnen som sett kursen ut frå Liege og i retning klatredag nr 1, og 165Km mot Sedan.

Mur de Huy har stått i tankane til fleire rytterar sidan påmeldinga. Det er nesten skummelt å snakka så mykje om ein bakke, for den vert verre enn den eigentleg er. Det skal seiast at det var ein stor oppleving å sykla bakken. For ein folkefest, for eit liv, for ein prestasjon av mange. Her var det folk som pressa grenser, grenser dei aldri hadde trudd ei kunne sprenga. Kjempestolt over gjengen!

Publisert av Challenge4you.com Torsdag 4. juli 2019

Navigeringa ut frå byen går bra. Trekklaget gjer ein betre og betre jobb for kvar dag som går. Samarbeidet med dei som er i lås, og dei sperrar kryss er tilnerma optimalt, og det er ein god kommunikasjon i gruppa.

Å finna ein god flyt på klatreetapper er vanskeleg. Spesielt når det forskjellige styrkar laget sit på. Nokre er lette klatregeiter, nokre er råsterke tyngre syklistar, nokre ferske, men sterke på sine felt, nokre humørspredarar osv.. Det finst mange styrkar. På dagar som dette så gjeld det å finna rytmen så snart som råd. Dette er dagar som kan gå utover humør, og ikkje minst gjera folk slitne. Det starta med ein del rykk og napp, men det kom seg etterkvart. Enkelte grep vart utført og ting starta å flyta meir og meir. Det er alltid godt når ein finn tilbake til flyten.

Ein lang dag vart omsider ferdig. Laget trilla inn til mål i Sedan. Diverre vart hotellet ein rein skuffelse. Maten fekk me såpass seint at nokre var allereie gått. Då maten endeleg kom, så smakte den ikkje noko godt. SKUFFELSE, men slikt kan skje. Eg reknar ikkje med dei får tilsvarande arrangement neste år.

Turens lengste etappe er også turens nest siste etappe, eller det vil sei…Turens siste, for den aller siste er sjarmør etappen på 5-6 mil. Denne dagen skal me ha mange høgdemeter gjennom 235Km. Dette er det mange som har kvidd seg til.

Temperaturen gjennom dagen viser seg å bli høgare enn forventa. Periodar rundt 40 grader. Det gjengen presterer denne dagen er større enn dei fleste skjønar. 235Km er langt, når du i tillegg skal gjere det i 35-40 varmegrader og eit høgt antall høgdemeter så er det ein stor prestasjon. Bonusen er også det som er bakdelen med denne løypa. Høgdemeterane tar oss gjennom Champagne distriktet. For ei oppleving. Dette er stort og vakkert. Eit minne for livet.

Med fare for å repetera meg sjølv. Eg er ubeskriveleg stolt over kva eg er med på. Eg har ikkje ord for kor stolt eg er over den prestasjonen gruppa utfører dag ut og dag inn. RÅBRA!.

Me trillar inn mot hotellet. Service står med sprudlevatn i glassa, og alt ligg til rette for at me skal nyta kvelden før sjarmøretappen. At middagen var ein skuffelse vert fort gløymt. Nokre tek seg ein tur til byn, andre sit på asfalten på utsida og mimrar. Meg inkludert på sistnemnte. Fine gjeng.

Sjarmøretappen står for tur. Syklane er tilnerma nypolerte, vertfall nyvaska, nysmurte og klargjort for å skina gjennom gatene i Paris.

Laget står oppstilt. Det er forskjellige tankar som går gjennom hovudet til gjengen. Ein spent følelse for mange, ein sterk følelse for nokre. Mange forskjellige tankar og opplevingar.

Me trillar ut frå hotellet. Eg og Martin sitt i front. Eg syklar med ei hand på skuldera hans. Me har klart det. Me er framme. Bare nokre mil igjen før me treff dei fantastiske familiane våre.

100% fokus på tryggleik. 100%

Det vert sykla mykje 1 og 1 i dag. Gatene i forstadane til Paris er smale. Det står mykje bil parkert. 1 og 1 er det einaste trygge. Vertfall er det vurderinga eg gjer. Me har god tid inn mot parken. Det vert litt venting i forskjellige parkar og langs kanalen før me trillar inn mot mål.

Det er lett å sjå at det tettar seg til. Det er gulkledde Team Rynkebyklær overalt. For eit syn. Det er mange som lurer på kva som skjer.

Endeleg er det sjølvaste sjarmøretappen av sjarmøretappen. Me set kursen inn mot folkehavet.

For ein følelse. Forestill deg dei tettaste klatreetappane i Tour de France. Folkehavet står så tett at det er såvidt det er breidde nok til å sykle to i breidda. Jubelen er høg. Me vert filma, tekne bilete av. Det er tårer, latter, smil og mange sterke følelsar å sjå. Me har fullført. Me er i Paris. Me har sykla frå Oslo til Paris på ei veke. Me har slått innsamlingsrekorden frå i fjor. For ein opplevelse. For ein prestasjon! Allereie før start i Oslo hadde me runda 10 millionar kroner frå dei norske laga. Pengar som går uavkorta rett til Barnekreftforeningen, øyremerka forskning på kreft hos barn.

Å møta kjentsfolk, å møta familien min i tårer, latter, smil og glede her, det er ubeskriveleg….. TUSEN TAKK!

Publisert av Challenge4you.com Lørdag 6. juli 2019

Siste innspurt vart ein tur gjennom Paris. Triumfbuen, Champs Elysees, Bataklan og Eiffeltårnet var nokre av områda me sykla innom. Tenk deg….Sjå for deg…. Her navigerer eg og Mads gruppa trygt gjennom Paris. For 6 månader sidan var mange i laget redde for å sykla i Haugesund by. No syklar dei i dei travlaste gatene i Paris. Det er imponerande det.

Publisert av Challenge4you.com Lørdag 6. juli 2019

Gratulera!

PS: Det er framleis mogleg å støtta oss i å støtta Barnekreftforeningen. Trykk på knappen under.

nn_NONorwegian
nn_NONorwegian