Eg hadde ein periode i livet mitt der mitt største mål var å kunna gå igjen, det å kunna komma seg ut av senga igjen utan smerter, eller som eg beskreiv draumen min til ortopeden..Kan eg spela fotballcupen i oktober med vennane mine? Dei orda er tatt ganske ordrett frå spørsmålet eg stillte på Haukeland sjukehus etter at eg hadde fått operert inn metall i ryggen grunna brot i to ryggvirvlar desember 2005. Dei måtte byggjast opp igjen av bein henta frå hofta. Det var ikkje eit 100% klart svar eg fekk frå legen, men eg var bestemt.

Oktober 2006 vann me cupen på Stord. Det er ei oppleving og meistring eg aldri gløymer. Summen av mange delmål gjorde det mogleg. Bak det låg det timar, dagar, veker og månader med smerter, skjulte tårer og stahet. Alt dette resulterte i ein ubeskriveleg stolthet og til ei viss grad ein endring av mentalitet når det kom til kva eg kunne få til når ein brant for noko.

For to dagar sidan høyrte eg Henning Aarekol halda føredrag til inntekt for Barnekreftforeningen i Fitjar Kultur og idrettsbygg. For ein evne til å formidla, inspirera og dela. Ein fantastisk balanse mellom det alvorlege og seriøse, kombinert med at han er eit levande vesen som sprer latter og glede. Du såg han var oppriktig prega når han delte informasjon om tøffe periodar i livet, men poengterte viktigheita av å ta lærdom av dei tunge periodane, slik at ein kan nytta det til noko godt «når» ein får neste. 

Gjennom livet mitt har det vert mykje opp og ned. Som ein følelsesperson skal det ikkje mykje til for at eg tek til tårene, men i stor grad så er det av glede og av øyeblikk eg set pris på, eller øyeblikk der nokon gjer noko godt for andre. Eg kjenner meg igjen i mykje av det Henning beskreiv, og har sjølv erfart kva det betyr å læra av erfaringane ein gjer seg når ein ikkje har det så godt. 

Mitt liv snudde i stor grad basert på meistring. Når eg og Morten sykla Nordkapp-Lindesnes, eller Noreg på langs i 2011 fekk eg ein følelse av mestring. Det var ein følelse som sakte men sikkert bygde seg opp av mange årsakar. Ein stor del av meistringa kom av at eg endeleg kunne bevisa for meg sjølv at me dugde til noko. Kunne bevisa ovanfor alle dei som aldri klarte å leggja historie bak seg, og sjå at det faktisk er mogleg å ta tak i livet. At det faktisk var to gode gutar som vaks opp nederst i Fitjarstølane. Ein av dei største gledane mine med turen var samhaldet med bror min. Gleda av å kunna gjera noko saman med den bror min eg er så ufatteleg glad i. Gleda av å sjå bror min som er ekstremt dyktig praktisk, kunne slå kven som helst i støvlane når det kom til teoretisk geografi i Noreg…Meistring!

Det har vert nokre turar og opplevingar i mellom denne turen og her eg er i dag, både i jobb og privat. Når eg no set her å planlegg ein ny tur med bror min Morten så ser eg tilbake med stolthet på kva me har fått til. Sykkelturen til Italia med søster mi Anna, sykkelturen min gjennom den historiske sykkelruta: «The Iron Curtain», 10000Km gjennom 20 land heile vegen til Svartehavet. Det er mykje følelsar, tårer, utfordringar og meistring som ligg bak ei slik oppleving. Eg er gift med Lillian og har to fantastiske gutar i Lucas og Sverre. Morten er gift med Malene og ventar ein liten gut. Eg er stolt!

I fjor fekk eg æra av å delta med Team Rynkeby God Morgon Haugaland sitt lag som samla inn midlar til Barnekreftforeningen. Det gav meg mange fantastiske opplevingar, utfordringar og bekjentskap. Venar for livet. Eg var så heldig at eg fekk familien med meg i bil på vei mot Paris, det var noko som satt litt ekstra krydder på denne opplevinga for min del. Det går ikkje an å beskriva følelsen når gutane, kåno og mammo kom mot meg i Tyskland. 

Av og til får eg høyre at det eg gjer inspirerer. Det er stort for meg. Når nokon kjem til meg å fortel at dei vert så glade når dei les her på nettsida om turane, om det er sykkel eller fjell, så har det inspirert dei til å få eit meir aktivt liv. Det er stort. 

I sommar ventar nye utfordringar. Eg skal delta med Team Rynkeby til Paris igjen. Det gledar eg meg stort til. Det er så mange faktorar her som gjer dette til ei oppleving for livet. Fantastiske vennskap, vennskap som ein får gjennom godt og vondt. Vennskap ein får gjennom opplevingar og historiar, gjennom sangdikting på sykkelsetet, eller tårer på ein tung dag. Vennskap ein får på grunn av at alle på turen har eit felles mål, nemleg å bidra til den viktige saka Team Rynkeby og Barnekreftforeningen jobbar for. 

Turen eg og bror min skal gjennom er eit resultat av alt eg har åpna opp om i dag. Det er eit resultat av at me har trua på at gjennomføringsevna vår er stor nok til at me kan klare «Galskap» som mange ser på som umogleg. Vår styrke er ikkje å komma først i mål, men å fortsetja når mange stoppar. Eg øvar kvar dag på det mentale. Klarer eg å la andre kosa seg med snop utan å røra sjølv. Klarar eg å ta meg ei treningsøkt uansett kor god sofaen kjennes. Alt har noko å sei i det lange løp. 

25 juli 2020, mellom klokka 05:30-06:00 syklar eg og Morten frå Nordkapp og set kursen mot Lindesnes. Me har i utgangspunktet ein draum om å ta denne turen over lengre tid for å kunna nyta opplevinga og det norske landskapet. Men det vert ein annan gang. Denne gangen skal me prøva å nå eit anna mål me har, nemleg å sykla turen til Lindesnes på 7 etappar, eller 6 døgn og dei timane det tek. 

Gjennom turen kjem me til å jobba med innsamling til Barnekreftforeningen. Me har eit brennande ynskje om å kunna nytta denne galskapen til noko godt. Håpar de har lyst til å hjelpa oss i å støtta denne viktige saka.

Klikk her om du allereie ynskjer å gi eit bidrag: https://intranet.team-rynkeby.com/mycollection/70 

Ta vare på draumane og måla dine. Lev livet, det er alltid mogleg å oppnå mål. Begynn med dei små, så vil summen av dei ta deg til dei store. Livet er til for å leva. Nyt tida saman med dei du er glad i, og vis det!

Stian Torland

nn_NONorwegian
nn_NONorwegian