Lev ut draumane dine, aldri la nokon fortelja deg at måla dine er umoglege

Eg hadde ein periode i livet mitt der mitt største mål var å kunna gå igjen, det å kunna komma seg ut av senga igjen utan smerter, eller som eg beskreiv draumen min til ortopeden..Kan eg spela fotballcupen i oktober med vennane mine? Dei orda er tatt ganske ordrett...

Kun dagar igjen til avreise mot Paris

Følelsane eg kjenner på om dagen er annleis enn før, tenk at min kjære familie skal få ta del i eit av mine eventyr, gutane mine skal få bli med og sjå pappa på sykkeltur gjennom delar av Europa. Det er eit eventyr i seg sjølv, eit stort eventyr. Eg sit her i...

Team Rynkeby – God Morgon Haugaland fullførte Haugesund-Sauda

Tida flyr og Paris nærmar seg med stormskritt. Dette er noko ein kan merka på fleire i gruppa. Haugesund-Sauda stod for tur i helga og det var ein spent gjeng som stillte på startstreken. Mengdetreninga til dei fleste aukar i stor grad nå når tida flyr i retning...

Vårens finaste sykkeltur

Grytidleg morgon og strålande sol, kan det verta betre? Alt låg tilrette for ein fantastisk dag på to hjul. Turen gjekk til vakre Tysnes. Ein planlagt treningstur etter ynskje frå Lisa Lien som er ein av deltakarane i Team Rynkeby - God Morgon Haugaland. Livet gir...

Blikkstille vatn og nydeleg solnedgang

Strålande sol, blikkstille hav og to spreke foreldre gjer at alt låg tilrette for ein fine kveldstur til Rutle. Ein fine tur vart det. Eg vart positivt overraska når pappa sa ja til enda ein tur på hjul, og ikkje minst når det var til Rutle. Me hadde ein fin tur på...

Team Rynkeby

2019 var eit fantastisk år når det kjem til sykkelopplevingar og samhald. Team Rynkeby God Morgon – Norge samla inn over 12,7 millionar norske kroner til Barnekreftforeningen. Fantastisk!

Dette gav absolutt meirsmak for oss, så Lillian og Stian stiller saman med Team Rynkeby og tek del i den viktige jobben for alvorleg sjuke barn. Sjå under her kven som har valgt å støtte oss i å støtte Barnekreftforeningen i år.  

Lokale sponsorar 2020

Stian Torland

Stian Torland

Forfatter

Mitt namn er Stian Torland, 37 år og er gift med Lillian. Saman har me to fantastiske gutar i Lucas og Sverre, stolthetane våre. Me bur i Rossneset på Fitjar, og eg jobbar som IKT-sjef i Fitjar kommune.

Min interesse for sykling og eit sunnare liv starta i 2011 då eg og bror min Morten utfordra kvarandre på å sykla Noreg på langs. Etter dette har det blitt mange turar både med selskap, men også aleine. Den største bragden er nok fullføringa av "The Iron Curtain Trail" i 2014 då eg sykla heile ruta på 10000Km frå Grense Jakobselv til Svartehavet i Bulgaria.

Eg brenn for å utfordra meg sjølv på mange områder. Dei siste åra har det blitt andre prioriteringar, men me prøver å finna utfordringar som passar våre små.

Gir du opp? Stopper du når det er så tung at du griner? Du er framleis på same staden når du er ferdig å grine. Jobb deg framover, få i deg mat, tårene vil forsvinna og du vil finna energi, styrke og glede.. Det er då du kjem i mål med utfordringane du tek på deg. Aldri gi opp!

Stian Torland

Forfatter, Challenge4you.com

nn_NONorwegian