Home » Challenge4you.com » Treningstur 26-28.mai, Etappe: Evje – Kristiansand

Treningstur 26-28.mai, Etappe: Evje – Kristiansand

Siste dagen på denne treningsturen er her, og me var veldig klar for siste innspurt etter ein veldig hyggeleg kveld i går. Me kom oss på sykkelen rundt 10.30 og kom godt i gang.

photo-1Det kjennes i beina at me har sykla ein del denne helga, men da er godt å kjenne at formen begynner å komme seg!

Me har holdt eit godt tempo heile vegen og me kost oss masse undervegs. Me kunne ikkje fått noko betre ver denne helga, og er storfornøyde!

Det vart ein litt kortare etappe denne dagen, men det gjore oss ingenting. Det er litt rart å tenkje at når me skal ha ein etappe på 7-8 mil, så synest me det er ein kort etappe.

Den følelsen når du står og håper på at buss sjåføren godtar 2 sykler på bussen fra Kristiansand til Stavanger, så seie han at: «Oss sykkelister mellom, så går dette fint og dåke slepper å betale ekstra».

Han hadde nemlig sykla Kristiansand – Hovden på lørdag og hadde møtt oss på veien og kjente oss igjen der me sto!   260,- per pers for 2 personer, 2 sykler og 2 hengere!! Herlig!

Humøret har vert på topp heile helga, og me har storkost oss! Me har verkeleg fått testa både utstyret og formen. Og no er me endo meir gira på den store turen som startar om nøyaktig 12 dagar, me har starta nedtellinga!

GPS DATA: Evje – Kristiansand

[fancygallery id=»danmark-italia» album=»28-05-12″]

About Anna Bauge Torland