Home » Challenge4you.com » Styrkeprøven godt gjennomført

Styrkeprøven godt gjennomført

Styrkeprøven er vel gjennomført av alle syklistane våre utanom Vegard som desverre måtte bryte etter fallet. Ein fantastisk innsats av alle, dei har pusha for alt dei har og har vert nede i kjellaren opp til fleire ganger å henta alt dei eige av krefter for å klare å sykle dei siste kilometerane før dei kryssa mål.

 

Me i følgjebilen følgte Stian, Jarle og Per fram til det var eit par mil igjen. Da måtte me skilje lag og kome oss til målområde for å ta i mot syklistane. Det var tydeleg at det nå var ekstra hardt og motivere seg til å fortsetje. Men dei har hatt is i magen og beit tenna sammen og fullførte rittet på 22.55.53! Det var litt meir enn det dei hadde håpa på, men uansett veldig godt gjennomført løp. Vidar fullførte omtrent ein time før resten av gjengen.

 

Stor respekt til Kåre som tok valet å sykle aleine rett før Lillehammer. Han klarte ikkje holde følge og sleit med vonde kner og bestemte seg for å kjøre sitt eget løp. Me følgte med han på live tracking og såg det gjekk roligt fram til Eidsvoll. På eit tidspunkt trudde me kanskje at han hadde trekt seg. Men den gang ei! kåre kjørte på og fant seg eit lag etter Eidsvoll som han slo følgje med. Der vart farten hans auka betrakteleg. Han kom inn på 00.11. Det er stor respekt av dei alle som fullførte styrkeprøven.

 

Me må ta med i beregning at det gjekk tid både på Dombås der ein sykkel trengte reperasjon og syklistane trengte å byte klede, og selfølgeleg når dei hadde eit fall fø Ringebu. Men sånt skjer og da kan ein ikkje anna å ta tida til hjelp.

 

Slitne var dei da dei kryssa mål, men kven er ikkje det etter 542 km på ein sykkel. Festen som var planlagt vart ikkje gjennomført, senga frista meir enn alt anna. Men  seiersøla vart drukken og smakte godt!

 

Gratulera til Stian, Jarle, Per, Kåre og Vidar for utruleg bra gjennomført løp. Og eg trur da er mange fleire enn meg sjølv som synest at det står av stor respekt. Så må me ønskje Vegard mykje god betring, du jobba utruleg bra!

 

Tusen takk til alle som har fulgt oss under årets styrkeprøve, sette veldig pris på da!

About Anna Bauge Torland