Home » Challenge4you.com » Stavanger – Lyngdal

Stavanger – Lyngdal

Treninga fram mot årets sykkeltur er i full gang. For å verkeleg få kjenne på formen bestemte me oss for å ta ein langtur til Kristiansand. Marte var så sprek at ho valte å hiva seg med på denne turen som moralsk støtte, noko som er svært imponerandes.

PS: Nesten alle bilder er fra Lørdagen siden me ikkje ville ødelegge kameraet.

DSC00273-300x225Dag 1
Me kom oss på hjul og starta frå Sandnes klokka 15.30 fredag. Veret starta noko lunde bra, men me hadde kledd oss godt og var forberedt på vind og regn som var meldt. Det gjorde me lurt i.

Me hadde ikkje kome lange stykke før regnet slo i ansiktet og stormen var i full gang. Men det finnes ikkje dårlig ver, berre dårlige klede.

Det som derimot kunne gått gale var når Marte og Stian sto med en innkjørsel til et tun ogen bil kom ryggende og rygga rett på Sykkelen og Hengeren som Stian sto på.

Stian ropte høgt og slo i bagasje rommet på bilen og ut kom ein svært forvirra sjåfør som mest sannsynlig ikkje har sovet av seg torsdags natta, fyren sa ingenting men fikk grei beskjed av Stian om å ha augene på veien fra no av, heldigvis så gjekk det fint med Stian, sykkelen og hengeren.

Me kunne ikkje la veret eller ein trøtte jærbu stoppe oss, og stod på heile vegen. Humøret var påtopp undervegs, men veret tok på og me kjente at me gjekk litt tom for energi!

Me kom til Egersund og veret var så dårleg at me vurderte og avslutte for dagen.

Målet for fredagens etappe var Flekkefjord, noko som me var bestemt på at me skulle fullføre.

Me stoppa på ein bensinstasjon, fekk heve i oss litt RedBull og New Energy. Heiv oss på sykkelen og fortsette turen mot Flekkefjord. Humøret steig og tross veret hadde me det heilt topp!

Vidare gjekk turen radig, heilt til me kom fram til Hauge i Dalane. Dei som kjenner til denne plassen, veit at desse bakkane ikkje kan kallas bakkar, dette går innanfor kategorien fjelltopper.

Mørket begynte å kome og det byrja å bli seint, men til Flekkefjord skulle me. Dei to første fjelltoppane gjekk greitt, men dei tre siste vart ein prøvelse, både psykisk og fysisk.

Du kan sei at humøret sank ein smule, men me var flinke til å motivere kvarandre, men til tider hadde vi nok med å motivere oss sjølv. Som sagt blåste da opp til storm denne fredagen, noko som krevde ekstra krefter.

Når me endeleg hadde trakka oss opp på fjelltoppane og skulle nedover, måtte me pikade trakke på for å komme oss ned også.

Me kom oss endeleg fram til Flekkefjord og fant hytta vi hadde leigt. Etter 14 mil på sykkel i storm fekk me tatt oss ein etterlengta dusj og fekk i oss litt mat før me pakka oss godt inn i soveposen og fekk oss ei velfortent god natt søvn.

 

Dag 2
DSC00266Sola skinte og me var klar for ny etappe! Me blei litt seine siden me ikkje var i seng før nermere 5 om natta dagen før.

Var på sykkelen klokka 10.00 og kom godt i gang. Me heldt eit godt tempo, og koste oss i det nydelege veret.

Me kom til Kvinesdal der me hadde oss ein god pause og fekk i oss mat og drikke før vi sykla vidare. Det neste som møtte oss var ein plass som heiter Utsikten. Det ligger i namnet at me no skulle oppover.

På toppen hadde Marte eit lite uhell, og klarte og dette på sykkelen, mens ho står i ro. Det er ikkje alltid godt å komme på at med klips-sko så sitter du fast i trøa! Det gjekk heldigvis bra, vist du ser bort i frå eit lite skrubbsår på albuen.

Vidare gjekk det ganske radig og humøret kan me ikkje klaga på. Blei blant anna dikta song undervegs, med melodiar som «Rompa mi», «Sweet Child Of Mine» blant anna.

Me hadde strålandes ver og god fart heile vegen. Etter ein svært hard dag på fredag,bestemte me oss for å avslutte turen før Kristiansand, me stoppa etter 6 gode mil i dag og tok oss ein velfortjent pizza og ei kald ei i Lyngdal, før me tok minibuss videre til Kristiansand.

Viss me ikkje hadde gjort dette så hadde me aldri nådd frem til å besøke våre fantastiske venner i Arendal, så me sa oss fornøyd siden me hadde hatt den ekstreme dagen på Fredag.

Då me endeleg kom fram til Kristiansand var me veldig klare til å treffe gode vener i Arendal.

Me var så heldige at me fekk låse inn syklar og hengarar på Clarion Hotel Ernst, så me slapp å dra dei med oss vidare. Der blei me henta og køyrd til Arendal, syns sunn i stakkars guten som måtte ha oss tre illeluktende sykkelister i bilen.

I Arendal fekk me bu hos snille Hanne Lassen. Fekk tatt oss enda ein etterlengta dusj og fekk på oss finstasen og tok ei velfortent øl saman med ein kjekke gjeng oppe hos Dag Otto og Silje.

Men etter ein svært hard og krevjande etappe på fredag, og ein hard men finare dag på laurdag var kroppen sliten og det vart ein tidleg kveld.

 

Me har hatt ein fantastisk tur og oppleving, og er veldig nøgd etter denne helga.

Her er eit lite utdrag av eine songen som vart dikta underveg, melodi: «Rompa mi»

«Me fiksa oss på håret, kjøpte nye sko for me var nemleg klar for sykkeltur no.
Me starta opp i Sandnes by, og me var kledde for eit jævla yr.
Me stod på å jobba hardt, men detta har vert ei jævlig natt.
Rompo mi, eg har så vondt i rompo mi
og tissen er eit jævla styr, ao rompo mi!»

 

Ellers så er det snart klart for årets prosjekt, 8 Juni tar me toget til Kristiansand, bur på hotell ei natt før me tar båten over til Danmark og starter sykkelturen derfra den 9 Juni.

Me glede oss ekstremt til denna opplevelsen som me trur komme te å bli fantastisk men og ganske hard, blir nok ein opplevelse for livet dette også!

Setter pris på alle som følger med og på kommentarer som kommer!

 

[fancygallery id=»danmark-italia» album=»13-05-12″]

About Anna Bauge Torland