Silkeborg – Haderslev: Det er dæjligt å vere norsk i Danmark!

Ja i dag har det vert deilig å vere i Danmark. Me vakna i dag, og det var opplett! Sjølv hadde eg ikkje store trua på at det kom til å vare lenge, men jaggu gjore det det! Me har hatt opplett heile dagen, og til og med litt sol på slutten av dagen der vi kunne sykle i t-skjorte.

Photo-15-13-32-11.06.12Me starta frå Skyttehuse Camping i dag og var på vegen rundt 10.30, må nok innrømme at me tok taxi ut til hovedvegen, men det har me sjølv ingen dårleg samvittighet for sidan den låg heile 8 km ut i ødemarka i feil retning.

I dag har vi rett og slett kost oss skikkeleg på turen. Ein merkar godt korleis veret kan påverka vårt humør og motivasjon. For ein deilig dag da har vert!

Me har hatt nokon gode pausar undervegs der me har fått i oss litt godt me mat og slapt litt av. Me er jo på ferie, så har det ikkje travelt.

Me kom inn til ein by idag som heiter Vejle, ein veldig flott by. Det var mange folk i gatene og det var svært koseleg å sykle gjennom byen.

Men me opplevde noko som me ikkje hadde trudd me kom til å oppleve i eit så flatt land som Danmark er. Me skulle prøve ein sykkelveg på veg ut av Vejle, i staden for hovedvegen. Noko me kanskje ikkje gjore lurt i, sjølv om me no ser på det som ein god oppleving for dagen.

Me havna i skogen, noko som i seg sjølv var koseleg. Men så hendte det store. Me kom til ein bakke, og ein veldig bratt ein. Denne bakken hadde heile 39% stigning, 39!

Det var så bratt at eg heilt ærlig gjekk av sykkelen og trilla den opp, hadde eg sykla den til topps hadde eg slete meg ut vil eg tru. Stian klarte bakken ( flinke Stian!), men han sleit han og.

Vidare slapp me heldigvis desse store stigningane, og har hatt eit godt tempo mot dagens mål som var Hederslev.

Me har no slått opp telt på Hederslev camping og nermar oss stort Tyskland. I kveld har me kosa oss med litt mat og noko godt i glaset, og er snart klar for å pakka oss inn i soveposen og få oss ei god natt søvn.

I måro kjeme me til å kryssa den tyska grenso, noko me gledar oss til! :)

Sette veldig pris på alle som følgjer oss og alle kommentarer. Følg med vidare!! :)

GPS DATA: Silkeborg – Haderslev

[fancygallery id=»danmark-italia» album=»11-06-12″]

Skrevet av Anna Bauge Torland