Home » Challenge4you.com » Rendsburg – Hamburg: Hamburg City!

Rendsburg – Hamburg: Hamburg City!

Eg kan love deg ein ting, når eg vakna i den gode senga i dag hadde eg veldig lite lyst å stå opp. Nøyt senga så lenge eg kunne, for det kom til å bli lenge til neste gang, tenkte eg.

IMG_0067Me hadde oss ein god hotellfrukost før me kom oss på syklane for å oppsøke ein sykkelbutikk der dei kunne fikse spilene på sykkelen min.

Dette var heldigvis ikkje så langt unna frå hotellet. Betjeningen var hyggeleg å ville hjelpe oss så raskt dei kunne, men det ville ta 2 timer før sykkelen var klar.

Då var det ikkje anna å gjere enn å ta seg ein liten kikk rundt i byen Rendsburg.

Me satt oss til slutt inne i ein liten og koseleg kaffi cafe, kor me hadde oss cappuchino og espresso. Dette betyr altså at klokka blei litt før me kom oss på vegen igjen.

Me har hatt ein veldig fin dag på sykkel. Veret har vert nokolunde bra, opplett heile dagen og sola har titta fram innimellom, men det var vert ein kalde vind.

Samme som i går har me funne koselege vegar på landet. Sykla gjennom små bygder og har verkeleg fått sitt Tyskland frå fleire sider.

Me har i dag sykla til Hamburg, litt kortare enn planlagt. Men sidan me i dag måtte vente nokon timar før me kom i gang og detvart litt mindre mil enn planlagt, tar vi nokon dagar med litt ekstra mil no framover så lenge veret held seg.

Her i Tyskland er fotballfeberen høg! Store delar av bilane køyrer med tyske flagg på taket. Og eg må sei me er flinke å vere på rett stad til rett tid.

Me var i Aalborg då Danmark slo Nederland , og me fekk oppleve stemningen i Hamburg i dag når Tyskland slo Nederland, for ein folkefest!

No er det kveld for Stian og Anna! Me har lagt oss inn på Hostel i dag, for når me kom fram i dag var det ingen campinger som var open og dei var ikkje interessert i å ha oss etter stengetid.

Så det blir seng på meg i natt og! Men trur etter denne natta at det blir lenge til neste gang eg får oppleve denne luksusen, så no skal da nytast. God natt alle sammen!

Følg med oss vidare i flotte Tyskland!

GPS DATA: Rendsburg – Hamburg

[fancygallery id=»danmark-italia» album=»13-06-12″]

About Anna Bauge Torland