Home » Challenge4you.com » Pappenheim – Seeshaupt: Hjelp, eg kan sjå Alpene!

Pappenheim – Seeshaupt: Hjelp, eg kan sjå Alpene!

I dag vakna eg faktisk før alarmen min, som eg hadde sotte på 07.30, må sei eg er imponert over meg sjølv. Me kom i gang med syklinga rundt 08.30.

I dag var det meldt store delar regn litt utpå dagen, så me ville kome så langt som mogleg før regnet kom.

2012-06-20-12.57.42Vegen var ikkje så aller verst så me fekk nokre gode mil bak oss før regnet kom rundt 16 tida. Å då byrja det å regne noko skikkeleg. Det lynte, trodna og regna bøtter.

Tross regnet var temperaturen veldig bra, så me ville ikkje kle for mykje på oss, då fekk me heller berre bli våte. Og våte blei me. Regnet holdt på i nokre timar, så fekk me eit lite opplett før det starta på igjen.

Når uværet starta andre gangen, tok me oss ein alder så liten pause på cafe, i håp om at det ville lette. Dette fant me fort ut at var veldig lite sjans for. Så me heiv oss på syklane igjen, så me skulle kome fram i noko lunde tidspunkt.

Campingen stengte klokka 22.00 så me måtte rekke den.

Litt ut mot slutten av dagen har det heldigvis ikkje vert så aller verst. Me har hatt mykje pågangsmot i dag, for det er ikkje berre berre å sykle i det uværet me har sykla i i dag!

På sykkelsetet i dag på veg mot dagens mål, kunne eg plutseleg skimte Alpene i det fjerne. Må ærleg innrømme at eg fekk litt vondt i magen, herremann så høge dei er!

Me gledar oss og gruer oss på ein gong. Kjem til å bli ein oppleving utan like, men også ein stor utfordring. Me er allereie nokre meter over havet, så klatringa er byrja litt.

I måro skal me fortsetja klatringa og me skal kome oss over grensa til Østerrike! Ein rar kjensle å tenkja på at me har no sykla gjennom to land.

Me kryssar fingrane for at vergudane har fått tømt himmelen for regn, så me kan få eit fantastisk ver oppover Alpene, sånn at me kan få sjå litt medan me er der.

Me har da fortsatt heilt topp på turen vår, sjølv om det er hardt til tider, det er så verkeleg verdt det!

Me er komen oss på campingen, slått opp teltet, fått i oss litt mat og fått heve på ein maskin med klede (endeleg!!). Det var verkeleg på tide, for det luktar ikkje akkurat parfyme av sykkelkleda våre.

Me gledar oss til å fortsette denne flotte reisa vår, og setje stor pris på alle som følger med oss!

Bloggen er lagt ut med mobil, så blir ikkje gps data i dag heller, håper på internett på campingen i måro!

[fancygallery id=»danmark-italia» album=»20-06-12″]

About Anna Bauge Torland