Home » Challenge4you.com » Minneverdige øyeblikk = sant

Minneverdige øyeblikk = sant

Ferie, kva er eigentleg ferie? For meg er det ei tid saman med familie med kjekke aktivitetar og minneverdige øyeblikk. I dag hadde eg eit slikt øyeblikk, det ynskjer eg å beskriva for dykk i form av ein videosnutt seinare i dette innlegget. Tida vår her på Gran Canaria har vert prega av sjukdom og sjukehusbesøk, noko som mange av dykk allereie veit. Men det er ubeskriveleg korleis me er bygde til å fokusera på det positive. Denne siste veka har gitt oss eit innblikk i korleis denne ferien eigentleg skulle vera. 

Tre veker på Gran Canaria er eigentleg i overkant spør du meg, eg har alltid vert av den oppfatninga at ei veke ferie i syden er for kort, to veker for lenge, ti til tolv dagar er perfekt. Det har vert fleire episodar her denne gangen der eg har ynskt oss heim, eg har ynskt å reisa heim til trygge omgivelsar og ikkje minst til eit hus der me har plass nok til at våre små kjære kan finna roen og leika med leikene sine når dei finn energi til det. Alikavell så set eg også med ein tanke og følelse av at eg er meget takknemlig for at me faktisk denne gangen hadde tre veker, tenk at me faktisk fekk siste veka der magasjauet sakte men sikkert forsvann, energien tok seg meir og meir opp, både hos store og små, det er eg takknemlig for. Eg har vert redd for at Lucas skulle komma heim med ein følelse av at ferie og syden er noko han forbinder med oppkast, grining, soving og sutring. Heldigvis er me bygde som me er, me gløymer raskt negative opplevingar når me får nokre gode i etterkant.

Tusen takk til Lasse som har vert med å sykla, og beklaga for at det vart litt amputert. Tusen takk til Lillian, Lucas og Sverre som har vert dei eg elskar så høgt, og beklaga at eg har vert vekke på sykkel i periodar. Tusen takk til Elly for at du er den hyggelege svigermora du er, den som vil alle godt, tusen takk for at du var med, du er herved invitert til Fitjar på restitusjon etter eit sjukeopphald på Gran Canaria, ta med ektemann og bli med på fisketur i sommar. Tusen takk til Hilde, Bjørn Erik, Rikke og Adrian for at de hadde lyst til å komma ned å besøka oss, det har me gleia oss lenge til.

Denne gode veka har vert bra. Me har nytta anledninga til å vera både i Palmitos Park for å sjå på dyra, i tillegg så har me vert i badeland, ååååh… det var stas for dei små, faktisk til og med for dei aller minste. Turen gjekk også innom Angry Birdsparken, denne kan eg ikkje anna enn å skryta av, her var det aktivitetar som kunne slita ut både store og små.

Eg hadde tidleg utfordra Bjørn Erik til å bli med på sykkel til toppen av Gran Canaria, Pico de Las Nieves som de har høyrt om før. Han har vert litt av og på, litt vanskeleg å lesa, men eg har alltid hatt eit lite håp om at eg skulle få han med meg opp.

Tirsdagen kom og det var tid for sykkeltur. Pico de Las Nieves 1949moh. sto for tur igjen. Bjørn Erik sa ja i går, sykkelen vart bestilt og Torland vart gira, eg vart skikkeleg gira, eg skulle vertfall bidra det eg kunne for at han skulle komma seg til toppen. Bjørn Erik ringte og spurte om eg kunne komma opp å låsa opp til dei. Først når me var komt ned til leiligheten gav han beskjed om at Hilde ikkje følte seg bra, og at det såg svart ut med sykling for han…..Eg kjente skuffelsen smalt i hovudet på meg, forståelsen var der, men skuffelsen klarte eg ikkje leggja skjul på uansett. Lillian kjenner meg så godt at ho såg med ein gang at det var noko. Eg er ganske sterk i hovudet når det kjem til å fullføra ting, men dette er slikt som kan leggja begrensingar.

Eg jobba med å omstilla meg når eg heiv på meg kleda og gjorde meg klar til å henta sykkelen eg hadde leid for anledninga. Denne gangen vart det ein Cannondale SuperSix DI2 Ultegra 2018. Etter å ha sagt hade til familien så satt eg meg i bilen å henta sykkelen i Arguineguin. Planen var framleis å kjøra til Mogan og sykla opp til Pico de Las Nieves. Frukosten vart ikkje noko av oppi alt styret, så eg val å kjøpa ein god frukost i Mogan, dermed så vart det enda eit slag i ansiktet då ingen av restaurantane hadde åpent når eg kom. Banan frå Spar vart «redninga».

Tom i magen sykla eg oppover bakkane frå Mogan. Eg hadde litt energidrikke på eine flaska, så den fekk gjennomgå litt, i tillegg så fekk eg i meg noko sjokolade og fleire bananar før eg starta på dei brattaste stigningane. Vegane frå Mogan er av god kvalitet. Det er alltid kjekt å sykle denne stigninga. Dagen før hadde me kjørt over med bil, slik at eg kunne vise vegen til Bjørn Erik. Taus vart han når me sto på 900 moh. og eg informerte om at det framleis var 1049 høgdemeter igjen til toppen.

Formen kjentes grei ut, eg hadde ikkje noko spesielt med energi, men synest det var kjekt å vere tilbake på sykkelen igjen. Det var regn i lufta og ca 21 grader, på toppen så venta 6 grader og meir regn.

I bunn av bakken stoppa det ein bil, og ut hoppa det ei ung jente som starta å springe oppover i eit ekstremt høgt tempo. Eg fortsatte i mitt eget tempo på sykkelen, og la merke til korleis ho fekk meter på meter på meg. Bilen som slapp ho av snudde og kjørte etter. Nokre kilometer opp i bakken så stoppa ho og satt seg inn i bilen, dei kjørte ned igjen og starta på ny. Hadde vert løye å vist kva kjent utøvar dette var, for sprek var ho vertfall.

Turen oppover går jevnt og trutt, ikkje noko spesiell fart over meg, pulsen er unormalt høg og eg kjenner hosten langt nede i brystkassen og den elendige smaken av betennelse i spyttet. Dette var absolutt året der formen ikkje var 100%.

 

Smilet var uansett om munnen oppover. Naturen er vakker som alltid, men eg klarer ikkje å la ver å tenke på kor unikt Norge er når eg ser rundt meg. Me er så bortskjemte med den naturen me har rundt oss heime med spektakulære fjell, skog og anna natur.

Eg la tidleg om planen om toppen når eg kjente på regnet, hosten, vinden og ikkje minst den synkande temperaturen. Planen min blei endra til at eg skulle sykle ned til Soria for eit kafebesøk, og så sykle opp igjen og deretter ned til bilen i Mogan. Planen vart endra igjen når eg kjente på hosten, kombinert med sms som tikka inn i frå Lasse… Eg må sykle aleine på Kristiansand-Hovden….BÅNN…Der røyk siste rest av motivasjonen min, takk skal du ha… Eg sykla fint ned igjen, lukka vindtrøya og passa på at eg ikkje skulle få kald vind på brystet. Grunnen til Lasse er 100% innafor, eg hadde tatt samme avgjersla sjølv hadde eg fått den moglegheita han fekk på jobb. Det hjelper ikkje i dette øyeblikket uansett.

Turen nedover fjellsida gjekk roleg og fint for seg, det var vått på vegane og eg ynskte ikkje å ta nokon sjanse, det vert ikkje noko personleg rekord for meg på vått føre uansett. Dette gav så absolutt moglegheita til å betrakta dei heftige hårnålsvingane, dei bratte stupa, rasa som hadde gått og den flotte utsikta mot Mogan.

Nede i Mogan så satt eg meg raskt i bilen igjen. Eg fant ut at eg kjører tilbake til familien og tilbringer dagen med dei, så tar eg meg ein kort trilletur opp bakkane i Puerto Rico på kvelden før eg leverer inn sykkelen.

Stravadata frå etappe 1

Stravadata frå etappe 2

Det blei syklinga for denne gang på Gran Canaria. Eg har nok hatt utbytte av det, men ikkje på langt nær så godt som ein hadde håpa på. Uansett så har det blitt ein del kjekke timar på setet og det legg eit godt grunnlag for å kunna auka formen når eg kjem heim.

PARKERT.

Dei siste dagane på Gran Canaria har blitt og skal tilbringast i badeland. Det var ein fantastisk suksess å ta med dei små her. Rikke og Lucas har storkosa seg. Det var så kjekt at me skal tilbake i morgon.

Nå er det ikkje mange dagane til heimreise. Det vert med blanda følelsar at me reiser heim, men eg kjenner at det skal bli veldig godt..

Takk for at du leste og har fulgt med. Meir kjem gjennom sommaren i form av trening, ritt og kanskje nokon familieaktivitetar.

About Stian Torland

Elsker turer, utfordringer og fysiske aktiviteter. Har gjort det til ein livsstil å utfordre andre til ting de normalt ikkje ville gjort. Driver Challenge4you.com som er et nettsted som skriver om turer, eventyr og utfordringer. Mine fullførte utfordringer og hovedmål: *Nordkapp-Lindesnes: 2700Km, tid: 18 dager - 2011 *Danmark-Italia: 2500Km, tid: 18 dager - 2012 *Trondheim-Oslo: 542Km, tid: 22t 55m - 2013 *The Iron Curtain Trail: 10000Km, tid: ca 4mnd - 2014