Lermoos – Nauders: Fantastisk dag i alpene!

Etter at me hadde fått tatt oss ein dusj etter gårsdagens etappe, tok me oss ein tur ut i Lermoos sentrum for å få oss litt å ete.

Litt utpå kvelden fant me oss ein liten pub, kor dei viste fotballkamp. Her traff me nokre lokale som me fort fant tonen med, ein veldig kjekke gjeng.

IMG_0138I dag vakna me i 08.00 tida å fekk oss frukost. 09.30 vart me frakta frå Lermoos til Fernpasset, sidan sykkelvegen hadde rast sammen.

Me var full bil, altså det var fleire syklistar som hadde same problemet som oss. I dag har me hatt gode sykkelvegar heile vegen.

Me starta dagen litt tregt, gjekk litt sakte med oss, men me er på ferie og me nyte den flotte og råe naturen me har rundt oss om dagane.

Før eg kom til Alpene, såg eg for meg at i Alpene kan eg møte på budeier og alpenisser. Og vettu, da har eg gjort og. Skal gjera da eg kan for å skaffe meg ei slik alpehua, ei grønn ei.

Dagen i dag har vert fantastisk! Eg er verkeleg fasinert over alt eg kan sjå rundt meg. Dette er verkeleg ein oppleving utan like.

Sidan det hadde gått litt treigt med oss, trudde me ikkje at me ville treffe på dei syklistane som satt i same transporten som oss. Men det gjore me, har truffe på dei fleire ganger. Veldig hyggelege folk.

Det eine paret var på veg til Venezia, 5 andre karar var på veg til Gardasjøen. Alle desse stoppa i dag før den verste stigningen byrja, og skulle byrje på den i måro. Me stoppa her i denne litle byen og tok oss litt mat på ein cafe. Her kom me i snakk med ein syklist som skulle til Nauders, han forklarte vegen til ei løype som han ville anbefale til oss. Noko me satt stor pris på.

Etter litt mat mota me oss opp til å fortsetje turen oppover. Denne vegen me tok i dag gjore at me har hatt ein aldri så liten tur innom Sveits i dag. Sykla over grensa, gjennom tollen utan å bli stoppa og var inne i Sveits i ein halvtimes tid før me kryssa grensa over til Østerrike igjen.

Me har hatt eit fantastisk ver i dag. God temperatur og mykje sol. Har vert godt og varmt når me har sykla oppover i dag kan du sei.

På slutten av dagen fekk me ein kraftig stigning. Stigningen opp til ein 1400 meter over havet var hard, men me er veldig glad for at me gjore det i dag. Me hadde ein stigning på 400 m i løpet av  6 km, gu så deilig da var å nå toppen og kunne renne ned til staden som var dagens mål, nemleg Nauders.

Her i Nauders er det eit sykkelritt i helga, så det kryr av sykkelistar rundt oss. I kveld tok me turen ned i sentrum å fekk i oss litt pizza og øl mens me såg fotballkamp.

Me er storfornøyde etter dagens etappe på rundt 10 mil. I måro krysser me grensa til Italia, spennande! Og me gledar oss til å fortsetje turen her i alpene, blir ikkje metta på denne naturen!

Veldig kjekt at dåke følger med oss!

GPS DATA: Lermoos – Nauders

[fancygallery id=»danmark-italia» album=»22-06-12″]

Skrevet av Anna Bauge Torland