Home » Challenge4you.com » Hartz – Kelbra: What goes up, must come down!

Hartz – Kelbra: What goes up, must come down!

Ja det vart mykje opp I går. Men då får me bonusen i dag, sykle me opp, så skal me ned igjen og.

Dagen vår kunne ha starta litt betre. Når eg vakna i dag hadde himmelen opna seg, og det skikkeleg. Det regna noko grusomt, og eg hadde ikkje lyst å bevege meg ein millimeter ut av teltet, hadde det egentleg veldig varmt og fint inni soveposen.

IMG_0103Me vart einige om å vente litt for å sjå om det letta. Det vart nokon timar før me bestemte oss for å bevege oss utanfor teltet, mykje på grunn av at me måtte på toalettet begge to.

Veret letta heldigvis etterkvart, og me fekk pakka teltet og kom oss på sykkelen.

Sidan dette var ein veldig regnfull dag, bestemte me oss for å ta ein dag der me rett og slett såg kor langt me kom, var ikkje så viktig med å holde eit viss antall mil i dag.

Undervegs gjekk det både opp og ned, etter eit par mil bestemte me oss for å stoppe på ein fjellresturant som låg langs vegen for å eta ein god lunsj. Her traff me ein veldig kjekk servitør som hjalp oss å forklare vegen vidare.

Etter eit godt stykke oppover byrja det endeleg å gå nedover. Då fekk me endeleg litt bonus for alle oppover bakkane.

Av reine tilfeldighetar i dag traff me på ein veldig kjekke gjeng frå Tyskland. Me skulle nemleg innom ein liten småby (som eg ikkje huskar namnet på i dette sekund), men me klarte å sykle litt feil og kom inn i småbyen Stolberg.

Rett før denne byen kjem me i kontakt med denne flotte gjengen frå Tyskland som sitter og har seg lunsj, dei er nemleg på dagstur. Dei vinker oss inn og er veldig interessert i turen vår.

Me blir invitert til å ete lunsj med dei, noko me ikkje kan sei nei til. Dei serverer oss rundstykker, kaffi, øl (alkoholfri), mykje godt pålegg og kaker.

Etter ein god lunsj drar dei fram ein to-radar og spelar tysk musikk for oss. For ein herleg gjeng, og for ein oppleving me fekk. Denne gjengen gjore dagen våras perfekt. Med oss vidare på turen sendte dei med oss mat, kart og mykje lukka til.

Inne i Stolberg var det veldig fint, ein gammal og spesielle by. Verdt  å sjå! Turen vidare mot campingen i dag gjekk radig, og me har hatt ein veldig koseleg og fine kveld. Me har grilla god mat, og me har fått tatt oss ein god dusj. Ein veldig fin kveld med andre ord, har kost oss skikkeleg!

Me storkosa oss på turen så langt, å glede oss til turen vidare. Eg, personleg har store ynskjer om å bli vekt av solsteiken på teltet i måro, sjølv om eg ikkje har store trua på det, men det er lov til å håpe! God natt!

GPS DATA: Hartz – Kelbra

[fancygallery id=»danmark-italia» album=»16-06-12″]

About Anna Bauge Torland