Halvmaraton fullført!

Endelig i mål og det kjennes fantastisk!

Endelig i mål og det kjennes fantastisk!

Då var det over, eg har fullført mitt første halvmaraton!

Eg var bra spent når eg tutlet meg nedover til startområdet i dag tidlig. Eg fekk i meg ein god frukost og følte meg klar. Nede i Race Village, traff eg Benedicte, Madeleine og Knut Eirik som var like spente som meg.

Men for et arrangement, det aulte av folk og stemningen var på topp! Vi fikk oss gratis t-skjorte, fekk levert fra oss tingene våre, tok oss ein tur på toalettet og stilte oss til start. 10.00 gjekk startskuddet, og me var i gang.

Eg gjekk nok på ein liten nybegynnersmell i dag, eg var litt for giret og masse energi, noko som førte til ein litt for hard start som eg kjente på resten av løpet.

Når ein er ferdig med eit løp som dette, så kjenner du på ein stor meistringskjensle, det gjorde vertfall eg i dag. Du er sliten, men det kjennes greit. Og då kan da ver litt vanskelig å huske på alt som gjekk gjennom hovudet ditt under løpet.

Er stolt over denne gjengen i dag!

Er stolt over denne gjengen i dag!

Eg skal være heilt ærlig, det var døds hardt. På grunn av den harde starten så kom eg langt ned i kjelleren lengre ut i løpet. Da var det gull verdt med litt gele som fikk energinivået eit par hakk opp igjen. Eg har vert langt nede i kjelleren når det kjem til trening før, men ikkje i ein så lang periode. På dette tidpunktet tenkte eg med meg sjølv: dette skal eg aldri gjer igjen!

Men energien kom seg og eg klarte å presse meg gjennom dei litt tøffere partiene av løpet. Når det gjenstod omtrent en 4-5 kilometer hadde eg avtalt med Katarina at ho skulle stå med energidrikke til meg. Og gjett om eg er glad for det! Katarina redda meg, med hennar vidunderdrikke klarte eg å holde farten heilt inn til mål og fullførte innafor tiden eg ønska.

Det har vert ein super opplevelse, og eg angrer ikkje eit sekund for at eg meldte meg på! Følelsen eg fekk da eg sprang over mål-linjen, kan ikkje beskrivast, det var rett og slett ein fantastisk følelse.

Om eg skal gjer dette igjen? Ein skal aldri sei aldri!

Takk for meg!

Offical time: 2 hours 13 minutes.

Anna Bauge Torland

Latest posts by Anna Bauge Torland (see all)

Comments

  1. Bra jobba Anna! 🙂 Du e rå!!! 🙂 Neste år er det ein sykkelutfordring på lur! 😉