Home » Challenge4you.com » ENDELEG, ENDELEG fekk eg sparket i revo, sparket i revo som var så direkte og tydeleg at dørstokken bare forsvant.

ENDELEG, ENDELEG fekk eg sparket i revo, sparket i revo som var så direkte og tydeleg at dørstokken bare forsvant.

Følelsen av å kjenna pusten kan vera noko dritt… Følelsen av å kjenna pusten når du går opp trappa heime, når du spring etter son din i to sekund, når du gjer den minste form for fysisk aktivitet, følelsen av å sjå vekta på 107 Kg, når du veit kor god form du har vert i……DET ER NOKO DRITT.

Eg har lenge kjent på tanken om å komma meg i form igjen, eg huske så ufattelig godt når eg skreiv innlegga her på nettstaden min, når folk møtte meg og fortalte meg at dei vart inspirerte av fjellturane, sykkelturane og alt det kjekke me fant på. Eg huske enda når eg landa i Kirkenes for å sykla 10000Km til Tsarevo i Bulgaria, når eg med tårer i ansiktet, beit i meg smerter vondt som ein kniv i låret, men allikavell så fortsatte eg. Eg huske enda den ufattelig gode, men allikavel triste følelsen av å komma i fram til Tsarevo i Bulgaria….

Mamma, ser du bølgene??? Kva bølger?? Bølgene frå Svartehavet….Eg er i mål!

Det er mange tanker tilbake til denne tida. Den tida der eg er var fri som ein fugl, der eg kunne gjere som eg ville heile tida. Mykje gode minner. Eg er så ufatteleg glad eg har fått moglegheita til å oppleve alt dette. Det har gjort at eg har prioritert heilt annleis dei siste åra. Fokuset på «Stian» og formen har ikkje vert tilstede. Min prioritet har vert familien, og eg ville ikkje ha bytta det med noko som helst.

Tanken er god…Men når eg får slaget i trynet rett frå legen…Stian, du veit du er litt feit, du har ein jobb å gjere. ENDELEG, ENDELEG fekk eg sparket i revo, sparket i revo som var så direkte og tydeleg at dørstokken bare forsvant. Nytta ikkje å komma her å klaga øve «vonter»…KOM DEG UT Å TREN! Same dagen var eg og Lasse Grov ute og jogga 10Km.

Rett frå legen…Stian, du veit du er litt feit, du har ein jobb å gjere.

Mitt nye liv

Dette er starten på mitt nya liv. Eg skjønner endeleg at eg må ofra tid med familien for å kunna vera tilstede 100% med familien. Eg må prioritera helsa mi for å kunne leka med våre to fantastiske guttar. Eg må komma meg i form igjen for å kunna vera så leken, smilande og glad som eg ynskjer å vera overfor Lillian, Lucas og Sverre.

Challenge4you nettsida vil verta brukt til å skrive om trening, om turer med familie og venner, rett og slett litt tilbake til slik den var før.

Målsetningar for dei neste åra

Eg og Lasse Grov har satt oss eit mål om at me skal sykla Styrkeprøven igjen i 2019. Guuu så eg kvir meg…Men vil Lasse ver med, så skal eg ver med igjen. I år så har me satt opp Kristiansand-Hovden som mål. Planen er rett og slett å komma seg i form til å kunna gjera som me vil.

Brodern og eg har eit meget krevande mål for 2020, eller eigentleg før eg vert 40… Men 2020 er jo eit fint tal, så det blir nok då.

  • 2018 – Gran Canaria – Treningstur
  • 2018 – Colorline Tour – Kristiansand – Hovden
  • 2019 – Colorline Tour – Kristiansand – Hovden
  • 2019 – Styrkeprøven – Trondheim – Oslo
  • 2020 – Norge på langs (Nordkapp-Lindesnes) på 7 dagar. (Dei galne har da godt??)

About Stian Torland

Elsker turer, utfordringer og fysiske aktiviteter. Har gjort det til ein livsstil å utfordre andre til ting de normalt ikkje ville gjort. Driver Challenge4you.com som er et nettsted som skriver om turer, eventyr og utfordringer. Mine fullførte utfordringer og hovedmål: *Nordkapp-Lindesnes: 2700Km, tid: 18 dager - 2011 *Danmark-Italia: 2500Km, tid: 18 dager - 2012 *Trondheim-Oslo: 542Km, tid: 22t 55m - 2013 *The Iron Curtain Trail: 10000Km, tid: ca 4mnd - 2014

2 comments

  1. Heiar på deg 👍🏼

  2. Lykke til!