Carpi – Livorno: Snart framme no!

Planen vår i dag vår å komme oss så langt som me orka, det stod 20 mil mellom oss og båten til Sardinia. Og tru da eller ei, me er framme i Livorno og har i dag lagt 20 mil bak oss!

DSC_0253Me starta dagen tidleg i dag. Me fekk noko gode mil før det starta på opp. Me måtte over eit fjell i dag for å komme oss ned på sjøsida. På toppen av dette fjellet var me rundt ein 1400 meter over havet, så det var meir enn høgt nok.

Etter tunge bakkar oppover fekk me ein del mil nedover igjen som ein god belønning.

Etter 16 mil i dag, stoppa me i ein liten småby som heiter Lucca, her hadde me oss ein god pause med mat og drikke.

Trur me satt i ein time, halvannen før me kom oss på sykkelen igjen. Denne pausen var fantastisk! Me hadde moglegheiten til å gi oss her, men det gjennstod berre 4 mil så var me framme, og me viste det gjekk ein båt i morgen tidleg som me kunne rekke.

Me kunne absolutt ikkje gi oss! Berre tanken på at me kunne sitja på båten i morgen tidleg, var meir enn nok motivasjon i seg sjølv.

Og no er me her, framme og storfornøyde! Båten er bestilt og me er klar til avreise 09.00 i måro til fantastisk vakre Sardinia!!

På vegen i dag var me innom Pisa, kor me fekk sjå  det skeive tårnet i Pisa! Sjå bilete :)

Følg med oss dei neste dagane på Sardinia!

[fancygallery id=»danmark-italia» album=»26-06-12″]

Skrevet av Anna Bauge Torland