Bella Sardinia!

Her kjeme ein alder så liten oppdatering frå turen vår og dei siste dagane me hadde før avreise.

Me har hatt ein oppleving for livet, kor me har fått sitt veldig mykje og ikkje minst møtt utroleg mykje kjekke folk på vegen. Dette er ein tur verken eg eller Stian ville vert for utan.

DSC_0059Me var to spente personer som stod på Hirtshals, og var klare til å sette kursen mot Sardinia, Italia. For min del viste eg ikkje heilt kva eg hadde begitt meg ut på, men ein ting var sikkert, og det var at dette kom til å bli ein fantastisk tur sammen med min kjekke bror.

Det er vanskeleg å peike på enkelte høgdepunkt, sidan det er så mange.

Alle dei spennande og hyggelege folka som me treffer på vegen, er nesten halve opplevinga. Dei gir oss mykje motivasjon og nye relasjoner. Vil spesielt peike ut den kjekke gjengen me åt lunsj sammen med i Stolberg i Tyskland.

Andre høgdepunkt vil sjølvsagt vera alt me får oppleva på vegen. Alpene var ein oppleving i seg sjølv, for ein natur! Fotball EM har også våre med å gjort kveldane våre spennande!

Det er så mykje ein kunne tatt med, men for dei som har følgt med bloggen, har dei nok forstått at me har fått opplevd ein heil del!

Etter at me hadde komt oss til Livorno, fekk me oss ei god natt søvn. Dagen etter kom me oss på båten, og var på veg over til Sardinia! Turen over ville ta rundt 6 timer. Mykje av turen bestod av soving, men var også ute på soldekket og fekk litt sol på kroppen.

Me ankom Golfo Aranci og fant oss ein plass og bu. Deretter gjekk me ned på stranda og eg fekk meg eit bad i Middelhavet, og da var fantastisk!

DSC_0091No når me endeleg var komen fram til målet, så vart syklane parkert, og me leigde oss ein scooter så me kunne farta litt rundt på øya! Første dagen etter ankomst køyrde me ut til ei fantastisk flotte kritt kvite sandstrand og lata oss på stranda! Resten av dagen køyrde me rundt å kikka. Ei fantastisk øy, som me absolutt har fått meirsmak av!

Dagen etter tok me scooteren og køyrde langs kysten og kom over til vestsida på øya, til ein plass som heiter Alghero. Dette var heilt tydleg meir ein turistplass enn Golfo Aranci. Her høyrde me nordmenn overalt. Grunnen til at me besøkte akkurat denne staden var for at me hadde nemleg bestilt oss ein dagstur med seilskuta Andrea Jensen dagen etter!

09.45 stilte me opp på kaien og såg Andrea Jensen legje til kai. Me var til saman 10 personar ombord, noko som gjore at me vart godt kjende med dei andre ombord. Jeff var Kaptein, Hillary (kona til Jeff) og hjelpegutten Jack var mannskapet ombord. Dei var alle sammen engelskmenn og svært hyggelege mennesker!

Me tutla oss utover og me kjende fort at dette skulle bli ein dag full av avslapping og mykje flott å sjå.

Etter at me hadde vert på sjøen ei stund, ankra me opp og me hoppa på sjøen alle i hop! Her fant me fram snorkle utstyr og koste oss. Hillary, Jeff og Jack fant fram mat til oss når me var ferdig bada, menyen var absolutt godkjent, fantastisk godt. Det vart servert ost, spekemat og brød til forrett, deretter vart det servert mykje god pasta og salat, til dessert fekk me ferske gode frukt! Drikke fekk me servert under heile turen.

Dette var absolutt ein fantastisk måte og avslutte sykkelturen vår på. Me la til kai igjen rundt 18 tida, då fekk me oss eit lite måltid før me heiv oss på scoteren og køyrde dei 15 mila tibake til hotellet vårt.

DSC_0078

Søndagen tilbrakte me rett og slett på stranda og slapte av heile dagen. Bading, soling og berre kos! Natt til mandag tok me båten over til Civitavecchia og tok toget inn til Roma her ifrå.

Me fant oss ein flybuss og kom oss til flyplassen. På bussturen køyrde me forbi Colosseum, fantastisk flott! Roma er ein by eg absolutt vil besøkja i framtida!

Me er no kommen oss tilbake til Norge, og verdas navle, Fitjar!

Turen har vert utan like, fantastisk oppleving! Ville ikkje vert utan. Må igjen takka alle som har fulgt oss undervegs, me har sett stor pris på da!

Tusen takk for oss, Hilsen Stian og Anna! :)

[fancygallery id=»danmark-italia» album=»04-07-12″]

Skrevet av Anna Bauge Torland