Livet visar veg til å forstå kva som betyr noko

31113869_10156041005875901_4703469632751665152_n

Livet mitt har bestått av mange periodar, periodar eg aldri ville ha byta ut, men kanskje løyst nokon litt annleis. Periodar frå eg var liten og ikkje skjøna kva utfordringar livet kunne by på, periodar der mopedkøyring var viktigare enn fotballen, samt periodar der festing i helga var vekas høgdepunkt.

Ja det har vert mange periodar i livet, og fleire kjem det nok. I dag set eg her med Lucas og Sverre som leikar rundt meg, mi kjære kona Lillian ligg nede å søv, det same gjer 17 år gamle Lucrezia, vår kjære utvekslingsstudent frå Italia. Morgonkaffien er allereie i koppen, gutane har fått klede på seg og ete frukost. Det vert travle dagar, dagar som går i rutinar frå morgon til kveld, med unntak av helgane, samt tidsrommet etter jobb til leggetid for ungane.

Eg ville aldri i mitt liv ha bytta ut denne tida. Ei tid der eg vert vekka på natta, eller på morgonen….PLAGSOMT er det lett å tenkja, heilt til ein reflekterer litt over det. Gutane roer seg på natta når eg kjem, dei søv godt vidare. Om morgonen så ynskjer dei min merksamheit fordi dei er glad i oss, sidan me er tryggleiken i deira liv, og har lyst til å tilbringa tid saman med oss. Det er litt av ein tillitserklæring. Livet er fint, eg har dei eg er glad i rundt meg, eg har moglegheit til eigentid i form av trening og aktivitetar.

Team Rynkeby God Morgon ringte meg ein dag i sommar, eg hadde eigentleg gløymt at eg hadde sendt søknaden om å få delta i prosjektet deira for å samla inn pengar til barnekreftforeninga ved å sykla frå Oslo til Paris. Dei ynskja å ha meg med i gruppa si. 

Mange tankar har svevd rundt i hovudet mitt etter at eg takka ja. Tankar om korleis eg vil handtere samtalar med dei som er direkte berørt, dei som fortel historier som er sterkare enn ein klarar å førestilla seg. Eg er ikkje redd for syklinga, men eg er litt redd for det faktum at eg ikkje er redd for syklinga, vil det gjere meg lat i forhald til treninga, vil det få meg til å tenkja at dette går bra, men så ender det opp med ein kjempesmell?

For nokre veker sidan så fekk Lasse Grov meg til å sei ja til å delta på Trondheim-Oslo 2019. Dette er ei veke før turen til Paris. Trondheim-Oslo er ein distanse eg alltid kjem til å ha respekt for, det er ein distanse eg er redd for uansett om eg har fullført den tidlegare, det er så mange faktorar som spelar inn. Men ein ting er sikkert, ein må trena, trena og trena for å klara dette. 

I ein familie på fem, der to er små, så vil det alltid vera eit spørsmål om tid. Kveldar må nyttast, samt tida før jobb om morgonen. Restitusjon kan vere ein fin tur i mølleparken med familien, eller ein tur rundt her i Rossneset. Det er mange måtar dette kan løysast på. Fakta er uansett at dette kjem til å hjelpa meg med mitt hovudmål her i livet, nemleg å ha energi eg kan gi til dei som betyr noko for meg. Det å ha overskot i ein travel kvardag, etter ein lang dag på jobb, det å kunna nytta dei timane før leggetid i vekedagane aktivt og ikkje minst å nytta helgane til kvalitetstid er viktig.

Mine tankar kring deltakinga i Team Rynkeby 2019 er at ved å halda meg i form så vil eg kunna gi meir til min familie, samt at eg vil kunna bidra med å setja fokus på, samt samla inn pengar til ei så viktig sak som barnekreftforeninga står for. Me kjenner alle nokon som er berørte av denne sjukdommen, nokre nære, nokre i vennekrinsar og nokre i nærleiken. Dette er noko som ingen ynskjer at nokon skal verta utsett for, difor er det så viktig at me bidrar med det me kan for at fleire skal få moglegheita til eit betre liv, eller forhåpentlegvis verta heilt friske.

Ynskjer du å bidra, så kan du det ved å klikka på lenka her: Team Rynkeby God Morgon 2019, og hugs, alle bidrag, små som store har ei betydning.

Skrevet av Stian Torland

Elsker turer, utfordringer og fysiske aktiviteter. Har gjort det til ein livsstil å utfordre andre til ting de normalt ikkje ville gjort. Driver Challenge4you.com som er et nettsted som skriver om turer, eventyr og utfordringer. Mine fullførte utfordringer og hovedmål: *Nordkapp-Lindesnes: 2700Km, tid: 18 dager - 2011 *Danmark-Italia: 2500Km, tid: 18 dager - 2012 *Trondheim-Oslo: 542Km, tid: 22t 55m - 2013 *The Iron Curtain Trail: 10000Km, tid: ca 4mnd - 2014